Arjeplogs kommun
| Arjeplogs kommun | |
Kommunevåpenet til Arjeplogs kommun |
|
| Len | Norrbottens län |
| Landskap | Lappland |
| Areal | 14 494,09 km² |
| – Landareal | 12 556,77 km² |
| – Vassareal | 1 937,32 km² |
| Folketal | 3116 |
| Kommunenummer | 2506 |
| Kart | |
|---|---|
Arjeplog kommune ligg på svenske länet Norrbottens län i landskapet Lappland. Kommunen har grenser mot dei svenske nabokommunane Jokkmokk, Arvidsjaur og Sorsele og grensar òg mot Saltdal kommune i Noreg. Administrasjonssenter i kommunen er Arjeplog. Arjeplog er den fjerde største kommunen i Sverige i utstrekning med eit areal på 14 494,09 km².
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Det finst over 8700 innsjøar og vassdrag i kommunen. Dei største vassdraga er Pite älv, Skellefte älv og Laisälven (sideelv til Vindelälven). Den djupaste innsjøen i Sverige, Hornavan, ligg i kommunen. Ein annan innsjø i kommunen er Tjålmejaure, kjend for sitt rike fugleliv. Nasjonalparken Pieljekaise, 13 naturreservat og eit område for faunavern ligg i kommunen.
Riksväg 95 mellom Skellefteå og grensa til Noreg går gjennom kommunen.
Folketal [endre]
Arjeplog er den femte minste kommunen i Sverige målt i folketal med 3116 innbyggjarar og er den svenske kommunen med lågast folketettleik, berre 0,2 innbyggjarar/km².
| Folketalsutvikling i Arjeplogs kommun 1970–2010 | ||||
|---|---|---|---|---|
| År | Invånare | |||
| 1970 | 4 379 | |||
| 1975 | 4 192 | |||
| 1980 | 4 041 | |||
| 1985 | 3 927 | |||
| 1990 | 3 753 | |||
| 1995 | 3 697 | |||
| 2000 | 3 384 | |||
| 2005 | 3 159 | |||
| 2010 | 3 161 | |||
| Källa: SCB - Folkmängd efter region och tid. | ||||
Samisk språk [endre]
Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunen[1] og kommunen inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.
Tettstader [endre]
Arjeplog kommune hadde berre ein tettstad i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
| # | Tettstad | Innbyggjarar |
|---|---|---|
| 1. | Arjeplog | 1 947 |
Bilete [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Arjeplog kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk
Bakgrunnsstoff [endre]
Offisielle hjemmesider for Arjeplog kommune
|
|
||
|---|---|---|
| Arjeplog · Arvidsjaur · Boden · Gällivare · Haparanda · Jokkmokk · Kalix · Kiruna · Luleå · Pajala · Piteå · Älvsbyn · Överkalix · Övertorneå | ||
| Sjå òg: Kommunar i Sverige | ||