Arkadij Plastov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
V. Sakerov:Arkadij Aleksandrovitsj Petrov
Traktorkøyraren sitt måltid, 1951. På frimerke frå 1973

Arkadij Aleksandrovitsj Plastov (russisk: Аркадий Александрович Пластов; (31. januar 189312. mai 1972) var ein sovjet-russisk sosialist-realistisk kunstmålar og bokillustratør.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Plastov vart fødd i landsbyen Prislonikha i det dåverande guvernementet Simbirsk. Faren var ikonmålar. Plastov studerte frå 1914 ved bilethoggar-avdelinga på Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Etter tre år, i 1917, reiste han heim til fødestaden. Der var han oppteken med å måle bilete som viser naturen på staden.

Plastov vart kjend for allmenta i 1935 då han viste fram sjangermåleri som var fullt i samsvar med tidas strikse politisk-kunstnariske doktrine. Denne opna einast for verk som fylgde den sosialrealistiske stilen, og det i alle typar kunst. Plastov heroiserer livet i Sovjetunionen, og yter sitt i oppbyggjinga av det sosialistiske samfunnet. Verka er prega av hans kjennskap til landsbylivet i Sovjetunionen og hans kjærleik til fedrelandet. Dei er kjenneteikna av livfulle, kraftige avbildingar, samt framifrå handverk. Som ei fylgje av dei hendingane som forandra livet til folk i Sovjetunionen, viste Plastov i sine måleri korleis landsbylivet hadde vorte endra av kollektiviseringa. Til modellar som hovudpersonar i sine arbeid valde Plastov personar på heimstaden.

Etter utbrotet av 2. verdskrigen kom nye motiv inn i Plastovs kunst. Desse viser folkets lidingar under krigen. Fleire verk syner kvinner, gamle menneske og born i arbeid på engene på kolkhoza. Etter verdskrigen heldt Plastov seg til motiv som viste landsbylivet.

Måleriet Vår frå 1954 er karakteristisk for Plastov sine verk. Det viser ei ung, naken kvinne som kler av ei jente ved ei hytte, truleg ei "banja" (tilsvarande den finske sauna). Det snøar, og i bakgrunnen ser ein snødekte beitemarker. Vår vert rekna som eit vendepunkt i sovjetisk kunsthistorie. For fyrste gong sidan innleiinga av sosialrealismen vart eit verk utstilt som viste kvardagslivet, og det heilt fritt for politisk innhald. Biletet var korkje politisk aktuelt eller idealiserande, slik det til dømes var i Plastovs tidlegare verk, dei som glorifiserte kollektiviseringa. Den kunstnariske endringa, berre eit år etter Stalins død, gjenspeglar den politiske oppmjukinga i Sovjetunionen under Nikita Khrusjtsjov.

Plastov døydde i fødebyen Prislonikha.