Arkadij Rylov
Arkadij Aleksandrovitsj Rylov (russisk:Аркадий Александрович Рылов), (29. januar 1870–22. juni 1939) var ein russisk-sovjetisk symbolistisk målar.
Liv og gjerning [endre]
Rylov vart fødd i landsbyen Istobenskoje i Vjatka-guvernementet. Der voks han opp i heimen til stefaren, som var notar. Han flytta til St. Petersburg og studerte 1888-91 ved sentralskulen for teknisk teikning. 1894-97 studerte han ved St. Petersburgs kunstakademi under Arkhip Kuindzji.
Rylov var med i rørsla Mir iskusstva, og i etterfylgjaren Samlinga av russiske kunstnarar. Seinare var han også medlem av Kunstnarforbundet i det revolusjonære Russland. Attåt dette var han formann i det såkalla Kuindzji-selskapet.
Rylov byrja som historiemålar, eksamensarbeidet ved kunstakademiet var Petsjenegarars overfall på ein slavisk landsby. Med åra vart han i hovudsak landskapsmålar. Men samstundes har mange av bileta hans allusjonar til russisk historie.
Mange av landskapsbileta måla etter oktoberrevolusjonen vart sett som symbol på den revolusjonære fridomen. I desse åra laga Rylov også nokre komposisjonar heilt typisk for sosialistisk realisme, til dømes Lenin i Razliv.
Rylov underviste ved kunstakademiet i St. Petersburg. Atelieret hans var nærast eit lite naturreservat. Der levde ikorn, kaninar og apa Manka. Ville fuglar flaug fritt, og elles var der to maurtuer. I fylgje Mikhail Nesterov elska ville dyr og fuglar Rylov og kom ofte til atelieret hans.
Verk [endre]
Mellom Rylovs mest kjende verk er Grøn støy frå 1904. Biletet syner nokre lauvtunge bjørketre som svaiar i sterk vind, bakom bjørkene er små skip under segl på ein sjø eller eit hav. Eit anna kjent verk er I det blå himmelromet frå 1918, biletet viser villgjess flygande under ein vid himmel og over eit ope hav der eit seglskip er i fart.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Arkady Rylov» frå Wikipedia på engelsk, den 7. desember 2009.