Arkebuse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arkebuse
Japanske arkebusar og andre skytevåpen frå den japanske Edo-perioden.

Arkebuse (uttalt arke'bys; frå fransk arquebuse, opphavleg frå tysk hakenbühse eller 'hakebørse') er eit handhalde skytevåpen med langt løp som vart oppfunnen i sein mellomalder.

Namnet skriv seg frå haka, eller kroken, som var festa under kolben eller framme under løpet. Når våpenet var lagt inntil skuldra («presentert») eller lagt i anlegg, kunne kroken fange opp den sterke rekylen.

Ordet «arkebuse» har danna «arkebusering» som tyder 'avretting ved skyting'.

Moderne europeisk rekonstruksjon av arkebusebruk.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Arkebusen var eit grovkalibra våpen der diameteren på løpet kunne koma opp i 2 cm. Vekta kunne vera på over 10 kg. Sjølv om rekkevidda var nokre hundre meter var det ikkje treffsikkert på slike avstandar. Dei fleste arkebusar vog mindre enn ein muskett og kunne difor brukast utan støttegaffel. Dette er nok grunnen til at arkebusen vart nytta heilt til inn på byrjinga 1600-talet. Avfyringsmekanismen var ein enkel flintlås.

Utbreiing og bruk[endre | endre wikiteksten]

Arkebusen vart oppfunnen i Spania på slutten av 1400-talet og vart eit utbreidd våpen i løpet av 1500-talet. Slaget ved Pavia i 1525 står att som ein av dei store demonstrasjonane av arkebusen si slagkraft som krigsvåpen, då fransk kavaleri vart nedkjempa av spanske infanteristar væpna med arkebusar.

Arkebusen spela òg ei viktig rolle i Cristovão da Gama sine kampar mot overtalige muslimske motstandarar i Etiopia i 1540-åra og seinare i den marokkanske sigeren over Songhai-imperiet i slaget ved Tondibi i 1590.

Ashigaru med arkebusar og skjold i Japan.

Arkebusen vart og nytta i stort monn i Japan på 1500-talet. Krigsherren Oda Nobunaga (1534-1582) utforma ein strategi der ashigaru væpna med arkebusar stod i tre rekkjer bak palisader av tre og skaut som førebuing til kavaleriet si framrykking. Metoden med tre rekkjer av skyttarar synte seg å vera god, då to rekkjer kunne lade medan den tredje fyrte av. Denne gav ei voldsom eldkraft overfor motstandaren. Bruk av arkebuse og alle andre skytevåpen, vart forbode i Japan ved shogunat-dekret i Tokugawa-perioden (1603-1868).

Mot slutten av 1500-talet byrja den kraftigare musketten gradvis å ta over for arkebusen i infanteriet, ikkje minst på grunn av evna til å trenge gjennom rustningar.

Biletdøme[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]