Arkhangelsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arkhangelsk
Арха́нгельск
Hamna i Arkhangelsk i 1896.
Hamna i Arkhangelsk i 1896.
Byvåpenet til Arkhangelsk
Byvåpenet til Arkhangelsk


Plassering
Arkhangelsk is located in Russland
Arkhangelsk is located in Arkhangelsk oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Arkhangelsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1584
1584
Borgarmeister Viktor Pavlenko
Geografi
Flatevidd
 - By

294,42 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

348 600
  1 184 /km²
Koordinatar 64°33′″N 40°32′″EKoordinatar: 64°33′″N 40°32′″E
Høgd over havet 5 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 163000-163071
Retningsnummer (tlf) (+7) 8182
Bilnummer 29
Nettstad: www.arhcity.ru/


Arkhangelsk (russisk Арха́нгельск) er ein by nord i Russland, og er hovudstad i Arkhangelsk oblast. På russisk språk vert namnet stava Архангельск. Namet tyder erkeengel, og kjem av erkeengelen Mikael, som byen er oppkalla etter. Arkhangelsk ligg ved den nordlege delen av elva Dvina (Nord-Dvina) nær utløpet i Kvitsjøen lengst nord i den europeiske delen av Russland. I mellomalderen var byen den viktigaste hamnebyen i Russland. Den geografiske posisjonen er: 64° 32′ N, 40° 32′ Ø. Folketalet var 364 000 i 2005.

Byen breier seg med med dei moderne forstadane Solombala og Ekonomija over 16 km langs elva. Eit av byen sine største historiske landemerke er det gamle, festningsliknande handelssenteret Gostinij Dvor (1668). Byggverket strekkjer seg 400 meter langs breidda av Dvina og er eit monument over stordomstida som handelsby.

Arkhangelsk er ein viktig region på grunn av eit tungt industrielt miljø. Det finst òg ein maritim skule, eit teknisk universitet, eit epidemologisk institutt og eit regionalt museum i Arkhangelsk. Byen er Russland si største hamn for utskiping av tømmer, og har stor verksemd innan treforedlings- og papirindustri. Byen har òg ei fiskerihamn. Etter at isbrytarar vart tekne i bruk om vinteren, har byen hatt heilårshamn. Det finst i tillegg rike førekomstar av mineral i Arkhangelskregionen, av kol, bauxitt, fluor og verdfulle førekomstar av diamantar. Men mestedelen av ressursane i regionen er framleis ikkje utnytta.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

I 1584 gav tsar Ivan den skrekkelege ordre om å grunnleggja Ny Kholmogory (Novy Kholmogory). Denne byen fekk i 1613 namn etter erkeengelklosteret. På denne tida var Kvitsjøen Moskva sin einaste eigne tilgjenge til havet, sidan Austersjøen var kontrollert av Sverige. Men tilgangen var avgrensa, på grunn av at Kvitsjøen er islagd om vinteren. Innbyggjarane av områda kring Arkhangelsk og Kvitsjøen vart kalla pomorar, og var dei første som utforska områda mot aust. Dei oppretta handelsruter til Nord-Sibir, forbi Uralfjella og byen Mangazeja som de grunnla. Dei drev òg handel og var dyktige sjøfarar.

Tsar Peter I av Russland.

I 1683 tok Peter I over makta i Russland. Han var då berre 10 år. Då han vart 20, i 1693, lét han oppretta av eit skipsverft i Arkhangelsk. Peter innsåg at Arkhangelsk alltid ville ha ein avgrensa funksjon som hamneby på grunn av dei fem månadene i året då Kvitsjøen var islagd. Han grunnla St. Petersburg i 1704 etter vellukka krigføring mot svenske styrkar i Austersjøen. Peter avgjorde at Russland sin utanrikshandel nå skulle gå gjennom St. Petersburg, som nokre år etterpå vart Russland sin hovudstad.

Den aukande handelen over Austersjøen førde til nedgongstider på 1700-talet, då Arkhangelsk mista si rang som Russland sin hamneby. På 1800-talet vart det meir liv i økonomien, då tømmer vart ein stor eksportartikkel over den nyopna jarnbanen til Moskva.

Pomorhandelen[endre | endre wikiteksten]

Pomorhandelen, som var ein spesiell bytehandel av fisk og korn med Nord-Noreg, hadde si blomstringstid på 1800-talet. Denne handelen har vore svært viktig for økonomisk og kulturell utvikling av både Nord-Noreg og Arkhangelsk. På denne tida vart tilhøvet til Noreg styrkt mellom anna ved at russarane etablerte ei fast dampskipsrute frå Arkhangelsk til Vardø i 1875. Ruta la til rette for russisk turisme og sesongarbeid i Finnmark. Folk i dei norske nordområda fekk òg eit betre innblikk i russisk kultur. Drikking av te brygga på samovar, vakker, fleirstemd song, dei russiske kvinnene sine fargerike klede og gjestfridom i pomorskipa gjorde sitt til at venskapsband vart etablert.

Kjende personar frå Arkhangelsk-området[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arkhangelsk