Arkivmeteren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den historiske Meterprototypen som var standarden frå 1889 til 1960.

Arkivmeteren er ein målestav i platina, laga i Frankrike i 1799 med ei avmerkt lengd som skulle vere lik ein timilliondel av avstanden frå Nordpolen til ekvator. Denne lengda vart i 1793 fastsett som legal lengdeeining i Frankrike. Arkivmeteren tente inntil 1889 som normal for alle andre metermål. Denne vart då erstatta av den internasjonale normalmeteren, Meterprototypen.

I 1889 vart meteren omdefinert som avstanden mellom presisjonsmerke på ein ny X-forma stav i platina og iridium. Denne legeringa vart vald fordi han er særs hardfør og utvidar og trekkjer seg saman særs lite med temperaturendringar. Den nye staven låg i International Bureau of Weights and Measures (BIPM) i Pavillon de Breteuil nær Paris. Utvalde metrologar kunne reise dit og lage sine eigne stavar for nasjonale prototypar.

Denne staven var standard fram til 1960 då meteren vart omdefinert med omsyn på bølgjelengda av lys strålt ut av ein krypton-86 isotop. Meteren vart igjen omdefinert i 1983 med omsyn på lysfarten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]