Arktis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isaudet i Arktis

Arktis er namnet på områda rundt Nordpolen. Det finst fleire definisjonar på nøyaktig kva område det gjeld. Somme tider meiner ein berre ismassane som flyt rundt polen når ein snakkar om Arktis, men vidare definisjonar tek med nordlege landområde, som Svalbard, Grønland og det nordlegaste Amerika. Desse definisjonane nyttar gjerne Polarsirkelen eller den nordlege tregrensa som ytre grense for Arktis.

Dersom ein bruker den snevre definisjonen av Arktis, finst det ikkje land der. Overflaten er danna av store isflak som støyter saman og bryt seg laus frå kvarandre. Tek ein med landområda litt lenger sør, vil ein finna at dei også er prega av is. Dei er tundralandskap, det vil seia at det meste av jorda er frosen året rundt.

Trass i dette har Arktis eit rikt dyreliv. I hava og under isen er det liv. I tillegg til fisk og havpattedyr finn ein til dømes mosdyr, sjøpungar, krepsdyr og muslingar. Symbolet på Arktis er likevel isbjørnen.

Namnet Arktis kjem frå det greske ordet Arktos, som tyder bjørn. Stjernebileta som grekarane kalla Store Bjørn og Vesle Bjørn ligg i nord, og dermed blei dette dyret knytt til nordlege trakter. At isbjørnen er det dyret dei fleste assosierer med Arktis, gjer namnet endå meir passande. Antarktikos, eller Antarktis er dermed motstykket til bjørnelandet, og ligg på andre sida av jordkloten.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Nordishavet tilfører både fukt og varme til Arktis, sjølv om det kan vere kaldt nok her. Fukta gjer at det vert noko meir skya og tåke her enn i Antarktis. Polhavet får tilført mykje ferskvatn frå elvar og gjennom nedbør, og har derfor stor isdanning. Isutbreiinga er typisk størt i mars og minst i august-september, noko som påverkar både temperatur og nedbør. Det er derimot store skilnader frå år til år.

I Polhavet vert klimaet delvis styrt av ein høgtrykksrygg mellom det nordlege Canada og Aust-Sibir som er best utvikla om våren. Middeltemperaturen for februar går ned mot -40 °C nord for Grønland og på øyane lenger vest, medan Beringsundet og Spitsbergen har kring −20 °C. Den varmaste månaden er juli og middeltemperaturen ligg nær eller litt under 0 °C i heile dette området. Kyststrøka har typisk litt over null grader. Det kjem mest nedbør på sommaren og tidleg på hausten, men ikkje meir enn 150 mm og mindre enn dette i Nord-Amerika.

Området frå Grønland og austover mot Novaja Zemlja har eit maritimt polarklima, og ei tunge med temperert klima strekkjer seg heilt opp til 71 °N i havet vest for Noreg. Temperert havvatn strøymer inn i Polhavet frå Norskehavet og gjer at isgrensa nord for Spitsbergen ofte ligg nord for 80 °N. Isfjell frå Grønland gjer derimot at havtemperaturen er låg langt mot sør. Bjørnøya er typisk for denne sektoren med middeltemperatur i januar på -7,9 °C, og i 4,5 °C i august. Det er forholdsvis ofte tåke om sommaren, i juli heile 22 % av tida, medan han vinteren gjennom berre er kring 2 %. Bjørnøya har i snitt sju klårvêrsdagar per år.

Øygruppene utanfor Eurasia og Nord-Amerika er prega av landområda innanfor, særleg på vinterstid. På grunn av sterkt varmetap over land får ein nærast ein monsuntendens der lufta strøymer frå land mot det mindre kalde havet. Sjøtemperaturen kjem sjeldan over frysepunktet. Det vert ofte pålandsvind med påfølgjande tåke og skyar på kysten. Område som er skjerma frå havet kan få ganske fine temperaturar på sommarstid i midnattssola, og temperaturar opp mot 20 °C er ikkje uvanleg her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]