Arktisk niauga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arktisk niauga


Status i Noreg: Datamangel


Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
overklasse: Agnatha
Klasse: Cephalaspidomorphi
Orden: Petromyzontiformes
Familie: Petromyzontidae
Slekt: Letheron
Art: L. japonicum
Vitskapleg namn
Letheron japonicum
von Martens, 1868
Arktisk niauga
Namn på andre språk
Engelsk Arctic lamprey

Arktisk niauga er ein arktisk niaugeart som lever anadromt langs kysten av Nordishavet frå Kolahalvøya til Japan. I Noreg er arten truleg registrert i Pasvikelva, utan at det finst sikre data.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Arktisk niauga er brungrått med mørk marmorering og flekkar på oversida. Han er 18-63 cm lang, med dei største individa i austlege bestandar. Unge individ har to ryggfinnar, men desse veks saman når fisken vert eldre.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Arktisk niauga finst både i ferskvasstasjonære og anadrome bestandar. Dei vaksne lever helst nær elveos på grunt vatn ned til 50 m. Dei er ektoparasittar på dei fleste fiskane av nokolunde storleik, mellom anna laksefisk, flyndre, torsk og sild. Larvane lever av detritus og planteplankton.

Gytinga skjer på seinsommaren på grusbotn i sakteflytande (0,6-0,8 m vassføring i sekundet) elvar på grunt vatn ned til 20 cm. Frå 2 til 8 individ gyt i lag, og begge kjønn er med på å grava gytegropa. Hoene gyt med fleire hannar kvar, på ulike tidspunkt. Båe kjønn vaktar egga i dagevis, til dei døyr. Larvane ligg nedgravne i om lag 4 år.

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]