Armavir i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Armavir
Армавир
Flagget til Armavir Byvåpenet til Armavir
Flagget til Armavir Byvåpenet til Armavir


Plassering
Armavir i Russland is located in Russland
Armavir i Russland is located in Krasnodar kraj
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Krasnodar kraj
Grunnlagd 1839
Geografi
Flatevidd
 - By

280 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

190 000
  678,6 /km²
Koordinatar 45°00′0″N 41°07′0″EKoordinatar: 45°00′0″N 41°07′0″E
Høgd over havet 190 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 352900–352947
Retningsnummer (tlf) (+7)86137
Nettstad: www.armawir.ru/

Armavir (russisk: Армави́р) er ein by i Krasnodar kraj i Russland. Han ligg ved elva Kuban, rundt 170 km aust for Krasnodar. Han har om lag 190 000 innbyggjarar.

Busetnaden vart grunnlagd i 1839 av tsjerkesogai-armenarar under namnet Armjanskij aul (russisk: Армя́нский ау́л). Namnet vart endra til Armavir i 1848 etter den gamle hovudstaden i Armenia, og han fekk bystatus i 1914. Under den russiske borgarkrigen i 1918–1920 fann det stad mange brutale kampar ved byen. Det militære felttoget til Taman-armeen slutta i Armavir i 1918. Sovjetisk autoritet vart oppretta i Armavir i mars 1920. Under andre verdskrigen var byen okkupert av den tyske armeen, og han vart frigjort i januar 1943.

Armavir er senter for eit fruktbart jordbruksområde, og innan næringslivet i byen er næringsmiddelindustrien framherskande. Det finst òg verksemder innan maskinbygging.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]