Armensk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Armensk
(Հայերեն Hayeren)
Klassifisering: Indoeuropeisk
 Armensk
Talarar: armenarar
Bruk
Tala i: Flag of Armenia.svg Armenia
Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan
Flag of Georgia.svg Georgia
Flag of Iran.svg Iran
Nagorno-Karabakh
Flag of Russia.svg Russland
Flag of Turkey.svg Tyrkia
og i den armenske diasporaen
Armensktalande i alt: 3 400 000 i Armenia, 6 700 000 til saman alle land[1]
Språkkodar
ISO 639-1: hy
ISO 639-3: hye
Wikipedia på armensk

Armensk er eit språk i den indoeuropeiske språkfamilien. Det blir tala av armenarar i fleire land, og er offisielt språk i Armenia. Det blir talt av rundt 3,5 millionar menneske i Armenia og i spreidde koloniar i Kaukasia og Midtausten.

Armensk utgjer ei eiga grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Moderne armensk fell i to hovuddialekter: austarmensk i Armenia og vestarmensk i Tyrkia, der det for det meste er vorte utrydda, og i emigrantkoloniar i Midtausten.

Hayeren, 'armensk', skrive med armensk skrift.

Armensk har sitt eige skriftspråk som blei utvikla på 400-talet. Det armenske alfabetet inneheld 8 vokalteikn og 30 konsonantteikn. Alfabetet blei ifølgje tradisjonen skapt på grunnlag av det greske alfabetet av biskop Mesrop (d. 440), som òg skal ha skapt det georgiske og alfabetet til dei kaukasiske albanarane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Armensk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]