Armensk geografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Armenia

Armenia er eit land Litleasia mellom Svartehavet og Kaspihavet, som grensar mot Georgia og Aserbajdsjan i nord og aust, og Iran og Tyrkia i sør og vest.

Før 1915 høyrte den austlege halvdelen av dagens Tyrkia til Armenia, noko det gjorde i tusenvis av år. Sjølv under erobringane til grekarane og romarane, hadde armenarane kontroll over området sitt, og klarte å kome fram til fredlege løysingar med begge rika. Det vart først då tyrkarane utførte det armenske folkemordet i 1915 at det moderne Armenia vart oppretta.

Terrenget består stort sett av fjellområde, med stride elvar og enkelte skogområde. Klimaet er kontinentalt med varme somrar og kalde vintrar. Det høgaste punktet er Aragats med 4 095 m og ingen delar av landet er lågare enn 400 meter. Fjellet Ararat er eit av nasjonalsymbola til Armenia, og er det høgaste fjellet i regionen. Tidlegare var fjellet ein del av Armenia, men det vart gjeve til Tyrkia av Sovjetunionen under Karstraktaten i 1921.

Forrureining frå giftige kjemikalar som DDT fører til at det allereie dårlege jordsmonnet er enno dårlegare i fleire område av landet. Armenia prøver å få bukt med miljøproblema sine og har etablert eit miljøvernsdepartement, som har innført skattar på luft- og vassforureining og disponering av fast avfall. Desse skattane vert brukt i miljøvernprogram. Armenia samarbeider på området med Samveldet av uavhengige statar (ei gruppe av 12 tidlegare Sovjet-republikkar) og med medlemmar av internasjonale miljøvernsgrupper. Den armenske regjeringa har mellom anna avgjort å stenge dei armenske atomkraftverka så snart ein har alternative energikjelde tilgjengeleg.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Detaljert kart over Armenia

Armenia ligg i sørlege område av Sør-Kaukasus, området sørvest for Russland mellom Svartehavet og Kaspihavet. Det moderne Armenia inneheld ein del av det historiske Armenia, der senteret var dalen som elva Aras renn gjennom og området rundt Vansjøen i Tyrkia. Armenia grensar til Georgia i nord, til Aserbajdsjan i aust, til Nakhitsjevan (ein enklave av Aserbajdsjan) i sørvest, til Iran i sør og til Tykia i vest.

Topografi og drenasje[endre | endre wikiteksten]

For 25 millionar år sidan vart det armenske platået danna, og den komplekse topografien i dagens Armenia oppstod. Litle Kaukaus går gjennom nordlege område av Armenia og søraustover mellom Sevansjøen og Aserbajdsjan, og så om lag langs grensa mellom Armenia og Aserbajdsjan til Iran. Derfor er reiser frå nord til sør vanskeleg. Området er framleis geologiske aktivt og stundom oppstår det katastrofale jordskjelv. I desember 1988 vart den nest største byen i landet, Leninakan (i dag Gjumri), råka av eit kraftig jordskjelv som tok livet av meir enn 25 000 menneske.

Om lag halvparten av Armenia sitt areal på om lag 29 800 kvadratkilometer har ei høgd på minst 2 000 meter, og berre 3 % av landet ligg under 650 meter. Det lågaste punktet er i dalane til elvene Aras og Debet lengst nord, som har ei høgd mellom 380 og 430 meter. Høgda til Litle Kaukasus varierer mellom 2 640 og 3 280 meter. Sørvest for fjellkjeda ligg det armenske platået, som heller sørvestover mot elva Aras og den tyrkiske grensa. Platået inneheld fleire mindre fjellkjeder og utdøydde vulkanar. Den største av desse vulkanane er Aragats med ei høgd på 4 430 meter, som òg er det høgaste fjellet i Armenia. Dei fleste innbyggjarane bur i vestlege og nordvestlege område av landet, der dei to største byane, Jerevan og Gjumri (som vart kalla Aleksandropol under tsar-perioden), ligg.

Dalane til elvene Debet og Akstafa dannar hovudrutene frå nord, sidan dei passerer gjennom fjella. Sevansjøen, som er 72,5 km på det breiaste og 376 km lang, er den klart største innsjøen. Han ligg om lag 2 000 meter over havet på platået. Terrenget er mest kupert lengst søraust, som er ein del av nedslagsfeltet til elva Bargusjat, og minst kupert i Arasdalen lengst sørvest. Det meste av vatnet i Armenia renn ut i Aras eller sideelva hennar, Hrazdan, som går frå Sevansjøen. Aras dannar grensa til både Tyrkia og Iran, medan Zangezurfjella dannar grensa mellom Armenia sin sørlegaste provins Syunik og Aserbajdsjan-enklaven Nakhitsjevan.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Temperaturane i Armenia varierer stort sett anten som følgje av årstid eller med høgda. Fjellformasjonane hindrar at klimaet vert påverka av luft frå Middelhavet eller Svartehavet, og skapar store årstidsvariasjonar. På det armenske platået er middeltemperaturen om vinteren rundt 0 °C, og midt på sommaren over 25 °C. Den årlege normalnedbøren varierer frå 250 mm i dei lågare områda av Aras til 800 mm i høgare område. Sjølv om vintrane er harde her er det vulkanske jordsmonnet svært grøderikt, og Armenia var eit av verdas første jordbruksområde.

Miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

På midten av 1980-talet byrja ein offentleg å diskutere miljøproblema i landet, då dei første «grøne» gruppene oppstod som følgje av den kraftige luftforureininga i Jerevan, og i kjølvatnet av Tsjernobylulukka i 1986. På 1980-talet kunne ein ikkje lenger sjå Ararat, som ligg om lag 60 km inn i Tyrkia, og dette vart eit symbol på den auka luftforureininga i Jerevan. I 1994 oppretta ein tre miljølover som skulle verne om miljøet, og den armenske regjeringa har eit eige miljøvernsdepartement og minister. Ein har derimot ikkje eit større miljøvernsprogram, og miljøproblem som har oppstått har vore tatt opp når dei har oppstått.

Naturtrugslar: Stundom svært kraftige jordskjelv. Tørke.

Miljøproblem:

  • Jordsmonn forgifta av giftige kjemikalar som DDT
  • Energiblokade, som følgje av ein konflikt med Aserbajdsjan, som har ført til avskoging for oppvarming
  • Forrureining av elvene Hrazdan og Aras
  • Tapping av vatn frå Sevansjøen, som følgje av straumproduksjon i vasskraftverk. Dette trugar drikkevasstilføringa.
  • Atomkraftverket Metsamor er starta opp på ny utan nødvendig tryggleik og støttesystem.

Miljøavtalar:
Delaktig i organiasjonar som omhandlar: Luftforureining, biologisk mangfald, klimaendringar, ørkendanning, miljøfarleg avfall, havrett, forbod mot kjernefysiske prøvar, vern av ozonlaget, våtmarksområde

Koordinatar[endre | endre wikiteksten]

40°00′N 45°00′E

Flatevidd og grenser[endre | endre wikiteksten]

Flatevidd:
totalt: 29 800 km²
land: 28 400 km²
vatn: 1 400 km²

Det historiske Armenia var mykje større enn det moderne landet (som berre er 10 % av den opphavlege storleiken), og inkluderte mykje av det som i dag er det austlege Tyrkia. Faktisk ligg den tidlegare armenske hovudstaden Ani no i Tyrkia.

Landgrenser:
totalt: 1 254 km
grenseland: Aserbajdsjan 566 km, Aserbajdsjan-Nakhitsjevan-ekslaven 221 km, Georgia 164 km, Iran 35 km, Tyrkia 268 km

Kystlinje: 0 km (omgitt av land)

Høgder:
lågaste punkt: Elva Debed 380 m
høgaste punkt: Aragats 4 095 m

Ressursar og arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Naturressursar: små førekomstar av gull, kopar, molybden, sink, aluminiumoksid

Arealbruk:
dyrkande jord: 17 %
permanente avlingar: 3 %
permanente beiteområde: 24 %
skogområde: 15 %
andre: 41% (1993 estimat)

Irrigert land: 2 870 km² (1993 estimat)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Armensk geografi