Armføtingar
| Armføtingar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Brachiopoda | |
| Vitskapleg namn | ||
| Brachiopoda | ||
Armføtingar eller lampeskjel (Brachiopoda, etter gresk brachium - «arm» og poda - «føter») er ei gruppe virvellause dyr som lever i kalkskjel. Gruppa er ikkje i nær slekt med muslingar, men høyrer derimot til lophophoratane saman med mosdyr og hesteskomakk. Dei representerer ei særs gamal rekkje med dyr; dei eldste fossila er frå 600 millionar år gamle bergartar.
Armføtingane er i dag ei relativt lita og artsfattig gruppe, med om lag 335 beskrivne artar kjend frå alle hav. Dei var langt meir hyppige før i tida, med eit høgdepunkt for 300 millionar år sidan: Totalt er rundt 30 000 artar kjend frå fossilrekkja[1].
Ved norskekysten er det funne ni artar nolevande armføtingar.
Kjelder [endre]
- Brusca & Brusca: «Lophophorates» i Invertebrates, Sinauer Associates 2002
- Moen, Frank Emil & Svensen, Erling: «Armføttinger» i Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna Kom Forlag 2003
- ↑ Moen & Svensen: Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna s.389