Armida al campo d'Egitto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Armida al campo d'Egitto
RV 699
Opera av Antonio Vivaldi
Sjanger Opera
Periode Barokken
Komponert 15. februar 1718
Første framføring 1718
Revidert 1738
Tekst av Giovanni Palazzo

Armida al campo d'Egitto er ein opera i tre akter av Antonio Vivaldi til ein libretto av Giovanni Palazzo. Han vart først framført under karnevalet i 1718 ved Teatro San Moisè i Venezia. Utgåva til Vivaldi er ein av meir enn 50 operaer basert på eit tema frå soga om Rinaldo og Armida i det episke diktet til Torquato Tasso, La Gerusalemme liberata (Det befridde Jerusalem).[1] Armida vart framført på ny under karnevalet i 1738, med mykje av musikken omskriven og ariar av Leonardo Leo lagt til. Akt II av den originale versjonen av operaen er i dag tapt.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Namna på songarane gjeven i libretooen for den første framsyninga[2] står i parantes.

  • Armida, ei kongeleg prinsesse - kontralt (Antonia Merighi)
  • Califfo, Kongen av Egypt - bass (Annibale Imperatori)
  • Tisaferno - kontralt castrato (Francesco Braganti)
  • Adrasto - kontraalt (Costanza Maccari)
  • Emireno, ein general - kontralt castrato (Francesco Natali)
  • Erminia, ein kongeleg prinsesse - sopran (Chiara Orlandi)
  • Osmira, niesa til Califfo - sopran (Rosa Venturini)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jellinek, George (1994) s. 354
  2. Libretti a stampa: Armida al campo d'Egitto, www.italianopera.org. Vitja 20. juli 2010