Armin Kogler
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Armin Kogler (fødd 4. september 1959) er ein tidlegare austerriksk skihoppar.
Etter at han overraskande vann VM i skiflyging i 1979, sette Kogler i 1981 ny verdsrekord i skiflyging med eit hopp på 180 meter. I løpet av dei neste åra tok han to samanlagtsigrar i verdscupen, samt verdsmeistertittelen i normalbakke. I 1984 blei han tildelt Holmenkollmedaljen.
Etter hoppkarrieren utdanna Kogler seg til flygar, og han har i ei årrekke jobba som pilot i Tirolean Airways. Han har dessutan jobba som ekspertkommentator under ORF sine hoppsendingar.
Kogler er gift og har to døtrer.
Merittar [endre]
- VM i skiflyging: 1. plass i 1979
- Verdenscupen: Samanlagtsiger 1981 og 1982, 2. plass i 1980, 3. plass i 1983, 14 enkeltsigrar
- VM i Oslo 1982: : 1. plass i normalbakken, 3. plass i stor bakke 2.plass i laghopping. Kogler tok altså medaljar i alle tre renna, og blei med det VMs hoppkonge. Føre normalbakkerennet kniva han med Alfred Groyer om den siste plassen på laget. Groyer hoppa best, men sa sjølv han ikkje var i form og ikkje kunne vinna; noko han meinte Kogler kunne. Det var med andre ord berre såvidt Kogler kom seg med på laget i dette rennet i Midstubakken.
- Denne artikkelen bygger på «Armin Kogler» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2008.
|
|
|
|---|---|
| 1970-talet | 1979/80: Hubert Neuper |
| 1980-talet | 1980/81: Armin Kogler | 1981/82: Armin Kogler | 1982/83: Matti Nykänen | 1983/84: Jens Weißflog | 1984/85: Matti Nykänen | 1985/86: Matti Nykänen | 1986/87: Vegard Opaas | 1987/88: Matti Nykänen | 1988/89: Jan Boklöv |
| 1990-talet | 1989/90: Ari-Pekka Nikkola | 1990/91: Andreas Felder | 1991/92: Toni Nieminen | 1992/93: Andreas Goldberger | 1993/94: Espen Bredesen | 1994/95: Andreas Goldberger | 1995/96: Andreas Goldberger | 1996/97: Primož Peterka | 1997/98: Primož Peterka | 1998/99: Martin Schmitt | 1999/2000: Martin Schmitt |
| 2000-talet | 2000/01: Adam Małysz | 2001/02: Adam Małysz | 2002/03: Adam Małysz | 2003/04: Janne Ahonen | 2004/05: Janne Ahonen | 2005/06: Jakub Janda | 2006/07: Adam Małysz | 2007/08: Thomas Morgenstern | 2008/09: Gregor Schlierenzauer | 2009/10: Simon Ammann |
| 2010-talet | 2010/2011 Thomas Morgenstern | 2011/2012: Anders Bardal |
|
|
|
|---|---|
| 1970-talet | 1972: Walter Steiner | 1973: Hans-Georg Aschenbach | 1975: Karel Kodejška | 1977: Walter Steiner | 1979: Armin Kogler |
| 1980-talet | 1981: Jari Puikkonen | 1983: Klaus Ostwald | 1985: Matti Nykänen | 1986: Andreas Felder | 1988: Ole Gunnar Fidjestøl |
| 1990-talet | 1990: Dieter Thoma | 1992: Noriaki Kasai | 1994: Jaroslav Sakala | 1996: Andreas Goldberger | 1998: Kazuyoshi Funaki |
| 2000-talet | 2000: Sven Hannawald | 2002: Sven Hannawald | 2004: Roar Ljøkelsøy | 2006: Roar Ljøkelsøy | 2008: Gregor Schlierenzauer |
| 2010-talet | 2010: Simon Ammann | 2012: Robert Kranjec |