Armin van Buuren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Armin van Buuren (fødd 25. desember 1976) er ein nederlandsk trance-DJ og musikkprodusent. Han vart i 2007, 2008, 2009 og 2010 vald til verdas beste DJ i den årlege kåringa til britiske DJ Magazine. Ingen andre har nokon gong vunne prisen fire år på rad i den nederlandske musikkhistoria.

Van Buuren vart fødd i Leiden i Nederland. Han voks opp med musikalske foreldre og blei tidleg inspirert og fascinert av musikk. I tillegg til sin kjærleik for musikk fatta han seinare interesse for teknologi og datamaskinar. Då han var 14 år kjøpte han sin fyrste samplar, tok synthen til far sin og byrja å lage musikk.

Då han sykla til skulen, høyrde han ofte på musikk av Jean Michel Jarre og Ben Liebrand. Han hadde stor respekt for Ben Liebrand og sende han ein demo som blei mottatt med stor entusiasme. Liebrand lærde van Buuren ein stor del om miksing og produksjon av musikk det følgjande året.

Van Buuren fekk stor interesse i miksing og byrja å jobbe som DJ på ein lokal klubb som heitte Nexus. Då han slutta på vidaregåande skule i 1995, byrja han å studere juss på universitetet. Han flytta studioutstyret sitt frå soverommet til eit ekte studio. Nokre av dei fyrste låtane han produserte i sitt nye studio var hitar som «Touch Me» og «Communication». Han likte ikkje å vere bunden til ein spesiell musikkstil, så dei neste åra hadde ein variert stil. Han beskriv musikken sin som oppløftande, melodirik og energisk.

Han har i seinare tid fullført utdanninga og er per dags dato ein fullverdig advokat i Nederland. Den 17. september 2009 gifta han seg med Erika van Thiel etter eit forhold på over 10 år.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.