Armutluhalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 40°33′0″N 28°55′0″E
Armutluhalvøya (Armutlu Yarımadası)
halvøy
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Marmara
Provinsar Kocaeli, Yalova, Bursa
stad Marmarahavet
 - høgd 921 moh
 - koordinatar 40°33′0″N 28°55′0″E
Turkey location map.svg
Locator Red.svg

Armutluhalvøya (tyrkisk Armutlu Yarımadası) er ei halvøy som strekkjer seg vestover i Marmarahavet i Anatolia i Tyrkia. Provinsen Yalova, og delar av Kocaeli og Bursa dekkjer halvøya.

Armutluhalvøya ligg mellom Izmitbukta i nord og Gemlikbukta i sør. Det vestlegaste punktet på halvøya er neset Bozburun. Frå Bozburun til den nordlegaste bukta er avstanden i luftlinja kring 100 km. Avstanden mellom Bozburun og botten av den sørlege bukta er berre kring 30 km. Søraust på halvøya ligg İzniksjøen.

Halvøya er i røynda ein del av Samanlıfjella, ei fjellkjede som ligg mellom Bolufjella og Bozburun. Det høgaste punktet på halvøya er fjellet Taz med ei høgd på 921 meter over havet.[1] Fjella er skogkledde.

Stader[endre | endre wikiteksten]

Yalova, er administrasjonsstad i provinsen Yalova og ligg på nordkysten. Dei fleste distrikta i provinsen ligg langs kysten av halvøya. Halvøya er kalla opp etter distriktet Armutlu. Gölcük, er ein by i provinsen Kocaeli, mest kjend for marinebasen til den tyrkiske marinen, eit tilhøyrande skipsverft og bilfabrikken Ford Otosan. Byem ligg ved den nordlege bukta. På nordkysten ligg òg Karamürsel ligg mellom desse to. Historisk var byen ein viktig osmansk marinebase og under den kalde krigen låg det ein amerikansk marineflystasjon, som opererte ei spesiell antenne for å fange opp radiomeldingar frå Sovjetunionen. Vest for Yalova ligg Çınarcık, ein kjend feriestad. Ein annan kjend stad er Gemlik, som ligg ved den sørlege bukta. Han er kjend for olivenane og olivenolja som vert produsert her. Folketettleiken i fjella på halvøya er liten og her ligg berre nokre få små landsbyar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Duran, Faik Sabri (2001). Büyük Atlas. Kanaat Yayınevi. s. 26. ISBN 975-7537-04-7.