Arnøya i Troms

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arnøya
Geografi
Norway - Arnøya.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 70°08′N 20°35′EKoordinatar: 70°08′N 20°35′E
Areal 276 km²
Høgaste punkt Arnøyhøgda (1168 moh.)
Administrasjon
Land Noreg
Fylke Troms
Demografi
Folketal Om lag 400
Folketettleik 1,5 /km²

Arnøya er ei øy i Skjervøy kommune i Troms. Øya ligg nord for Kågen og vest for Laukøya. Arnøya har eit areal på 276 km² og er den 15. største øya i Noreg. Det høgaste punktet på øya er Arnøyhøgda på 1168 moh.

Det er ferjesamband frå Lauksundskaret på Arnøya til Nikkeby på Laukøya og Storstein på Kågen. I tillegg går det snøggbåt til Tromsø om lag ein gong til dagen.

Dei største busetnadane på øya er Lauksletta, Arnøyhamn (inkl. Haugnes og Langfjord), Akkarvik og tettstaden Årviksand. Øya har om lag 400 innbyggjarar. Det er skule og butikk i Arnøyhamn og Årviksand. Av større bedrifter finn ein Arnøy Laks, Skaretfisk og Årvikbruket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]