Arna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over bydelane i Bergen.
Gulfjellet. Høgste fjellet i Bergen ligg i Arna

Arna er ein bydel i Bergen kommune. Arna vart oppretta som eigen kommune frå 1964, og gjekk inn i Bergen kommune i 1972. Før 1964 var Arna ein del av Haus kommune, som òg omfatta ein stor del av Osterøy.

Arna kjem kanskje av «arinn», som tyder «skjer» og viser til dei to skjera som ligg ved Holmen, midt i Arnavågen, eller av «arn» som tyder ørn. Det er også hevda at Arna er eit gammalt elvenamn som tyder ‘den strøymande’ [1]. Namnet er først nemnt i striden mellom baglarar og birkebeinarar på 1200-talet, og då som "Arnarfyrdhi" (treng referanse her). Frå gammalt av er namnet brukt i "Arna skipreide", eit område som femna om fastlandet mellom Stamnes i Vaksdal og Sandviken i Bergen, og ein del av Osterøy. Denne inndelinga varte ved fram til formannskapslovene kom på byrjinga av 1800-talet. Ådna er den nedervde, tradisjonelle uttalemåten av namnet Arna, det finst i dag att i bl.a. namna Ådnavegen, Ådnamarka, Ådnatun og Ådnanipa.

Ei grov inndeling av Arna er dei fem delane Ytre Arna, Indre Arna, Lone, Garnes og Skyggestrand. Lone er blitt eit nytt senter i krinsen som også omfattar dei gamle bygdene Haukeland, Unneland, Espeland og Fjellgardane. Ved sida av sentra i Indre og Ytre Arna finn vi bl.a. Rødland, Haugland og Gaupås. Skyggestrand omfattar bl.a. Takvam, Songstad og Trengereid. Rødberg i Vaksdal er i praksis også orientert mot Arna av geografiske grunnar.

Ved Arnavågen ligg Arna kyrkje (bygd 1864), eit handlesenter (Øyrane Torg), jarnbanestasjon, bussterminal og småbåthamn. Arna stasjon er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1964 då den nye og kortare trasèen med Ulrikstunnelen og Arnanipatunnelen stod klar. Litt oppe i lia over vågen ligg gamle Arna stasjon, den no nedlagde Indre Arna barneskule, eit mindre og eldre butikksenter, sjukeheim, to barnehagar og Ådnatun, eit lokalhistorisk museum. To vidaregåande skular ligg på Garnes. Desse heiter Arna Yrkesskule og Garnes vidaregåande skule, den siste omfattar også tidlegare Arna Gymnas. Skulesenteret Garnes har ei lang historie tilbake til opprettinga av Garnes Folkehøiskole i 1887. Janusfabrikken og ein av Toro sine fabrikkar ligg i Indre Arna.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Indre Arna ligg sentralt til i Bergen kommune. Det tek sju minutt med jarnbane gjennom Ulrikstunnelen inn til Bergen jarnbanestasjon. Med bil på E16 bruker ein om lag ti minutt til Åsane senter og tjue minutt til Bergen sentrum dersom ein køyrer gjennom Fløyfjellstunnelen.

Rundkøyringa og Arna gamle stasjon

Indre Arna er også kjent for å ha den einaste rundkøyringa i Nord-Europa med jarnbane gjennom. Til dagleg er ikkje denne jarnbanelina i bruk, men om sommaren går det eit veterantog på denne jarnbanelina.

Frå kommune til bydel[endre | endre wikiteksten]

Det opphavlege Haus formannskapsdistrikt vart oppretta i 1837, og sidan delt i 1870 i Haus og Bruvik kommunar. Gjenverande Haus hadde på denne tida 4 229 innbyggjarar. I 1964 gjekk den delen av Haus som låg på Osterøy inn i nye Osterøy kommune. Samstundes endra Haus kommune namn til Arna.

1. januar 1972 vart Bergen by utvida ved at kommunane Arna, Bergen, Fana, Laksevåg og Åsane vart ei eining. Arna kommune hadde ved samanslåinga 11 766 innbyggjarar. Den 31. desember 2004 hadde Arna bydel 12 021 innbyggjarar.

Kjende personar frå Arna[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.grind.no/pdf/kvh-6-tema.pdf Botolv Helleland i Kulturhistorisk vegbok for Hordaland

Litteratur[endre | endre wikiteksten]