Arne Øien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arne Øien (22. desember 19285. oktober 1998), fødd i Oslo, var ein norsk økonom og politikar for Arbeidarpartiet.

Arne Øien var statsråd i olje- og energidepartementet (olje- og energiminister) i perioden 9. mai 1986 til 16. oktober 1989 i Gro Harlem Brundtland si andre regjering.

Han var statssekretær ved statsministeren sitt kontor i 1981, i Gro Harlem Brundtland si første regjering.

Utdanning og yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

Arne Øien vart utdanna som cand.oecon. i 1954. Han arbeida i Statistisk sentralbyrå frå 1955 til 1970, og vart tilsett som ekspedisjonssjef i Finansdepartementet frå 1971. Denne jobben hadde han til 1978 då han vart økonomisk rådgjevar for finansministeren. Frå 1980 til 1990 var han direktør for Statistisk sentralbyrå. Han vart så finansråd i Finansdepartement 1990 til 1995.

Øien var styremedlem i Arbeiderbladet frå 1981 til 1986 og i Oslo Sporveier frå 1996 til han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]