Arne Borgstrøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arne Borgstrøm (fødd 19. januar 1959) er ein tidlegare norsk langdistansesymjar frå Odda. Han tevla for Odda IL. Borgstrøm sette til saman 81 norske rekordar, og han deltok under både Sommar-OL 1976 og Sommar-OL 1984. Han mottok kongepokalen i 1977, 1978, 1980, 1982 og 1984.

Borgstrøm har 99 norske junior- og seniormeisterskap, noko som er rekord for menn. I 1982 vart han amerikansk innandørsmeister på 1650 yards frisymjing. Han tok også fjerdeplassen på 400 m fri i EM 1981 og sjetteplassen på 400 m medley i VM 1982. Borgstrøm deltok i 10 nordiske meisterskap, samt 73 individuelle senior-NM i perioden 1976–84 i frisymjing, medley og brystsymjing.

Arne Borgstrøm er i dag utdanna fysioterapeut og busett i Stavanger. [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referanse[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]