Arne Ekeberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Ekeberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1925 (99 år)
Fusa kommune
Yrke dommar
Verv Fylkesmann i Sogn og Fjordane
Periode 1971-1976
Føregangar Nikolai Schei
Etterfylgjar Ingvald Ulveseth

Arne Ekeberg(fødd 1925 i Fusa) er ein norsk jurist og offentleg tenestemann

Ekeberg avslutta ei utdanning med cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1950. Han jobba eit år som advokatfullmektig før han i 1952 vart tilsett i Kommunaldepartementet. I denne perioden var Ekeberg også dommarfullmektig i Hardanger og sekretær hjå fylkesmannen i Hordaland.

Mellom 1956 og 1976 var Arne Ekeberg fylkeskontorsjef (assisterande fylkesmann) i Sogn og Fjordane, men i denne perioden var han også konstituert fylkesmann for Ingvald Ulveseth som hadde permisjon i to periodar (1971-1973 og 1973-1976) for å sitje på Stortinget og jobbe som statsråd.

Frå 1976 til 1995 var Arne Ekeberg sorenskrivar i Sogn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]