Arne Falk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Arne Falk | |
| Pseudonym | Frifant |
| Nasjonalitet | Norsk |
| Fødd | 15. september 1886, Herøy |
| Død | 11. november 1973 (87 år) |
| Yrke | Journalist, redaktør |
Arne Falk (fødd 15. september 1886 i Herøy på Helgeland, død 11. november 1973)[1][2][3] var ein norsk redaktør, journalist og nynorskmann.
Han var redaktør i Norsk Tidend frå 1937 til 1946 og i fagbladet Journalisten frå 1946 til 1962.[1]
I 1969 vart det gjeve ut ei samling av stykka han hadde skrive for Dag og Tid. Boka heite Frifant-epistlar og Falk fekk Melsom-prisen for henne. Falk hadde byrja bruke signaturen Frifant i Journalisten og fortsette i Dag og Tid.
Prisar og utmerkingar [endre]
- Heidersmedlem i Norsk journalistlag[4]
- Heidersmedlem i Norsk presseforbund[4]
- Heidersmedlem i Oslo journalistklubb[4]
- Melsom-prisen 1970 for Frifant-epistlar[5]
Referansar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 «Arne Falk». snl.no. Vitja 28. mars 2012.
- ↑ «Frifant-epistlar». Bibliotekkatalogen SAMBOK. Vitja 28. mars 2012.
- ↑ Ottar Grepstad (1998) «Fødselsdagbok for nynorskbrukarar, i utval : Journalistikk» – i: Nynorsk faktabok 1998, s. 319 – Nynorsk forum, Oslo.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Nekrolog i Aftenposten 12. november 1973: «Red. Arne Falk er død». s. 24
- ↑ Det Norske Samlaget (red., 1993) «Pris- og stipendvinnarar» – i: Jubileumskalender 1993 : Det norske samlaget 1868-1993, s. 40-42 – Det Norske Samlaget, Oslo.