Arne Garborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Arne Garborg, måla av Olav Rusti 1912-14.

Arne Garborg, fødd Aadne Eivindsson Garborg (25. januar 185114. januar 1924) var ein norsk forfattar, redaktør, omsetjar og intellektuell.

Verka hans Garborg, både romanane og essaya tek opp mange tema som har vore og framleis reknast å vera av ålmein interesse, t.d. religionen i moderne tid, tilhøvet mellom lokal og nasjonal identitet og det europeiske, korleis folk kan få politisk påverknad og makt.

Innhaldsliste

[endre] Livssoge

Garborgheimen, der Garborg var fødd og voks opp.
Foto: Gunleiv Hadland

Arne Garborg var frå garden Garborg i Time kommuneJæren i Rogaland fylke. Her voks han opp saman med foreldre og åtte sysken. Garborg reiste ut for å ta utdanning, trass i at han var odelsgut. Faren hadde ønskt at odelsguten skulle ha vore heime og etter kvart teke over garden. Faren, som var ein høgt respektert mann i bygda, kom ut i eit religiøst prega tungsinn, og tok livet av seg i 1870. Denne hendinga sette djupe spor i Arne Garborgs liv og forfattarskap, mellom anna i jærromanen Fred. I diktringen Haugtussa (1895), eitt av høgdepunkta i norsk bokheim, søkte han attende til liv og tru på Jæren i den førpietistiske tida.

Arne Garborg.

I 1887 vart Garborg gift med forfattaren Hulda Garborg. Dei budde frå 1897 på Labråten i Asker. På Jæren fekk Garborg i 1899 bygd ein sommarbustad, jærhuset i Knudaheio. I 1872 grunnla han avisa Tvedestrandsposten. I 1877 starta Garborg avisa Fedraheimen. Fram til 1892 redigerte han avisa. I 1894 grunnla han saman med Rasmus Steinsvik avisa Den 17de Mai. Avisa skifta i 1935 namn til Norsk Tidend. I 1899 la han fram midlandsnormalen i lag med Rasmus Flo; Garborg nytta denne rettskrivinga sidan, og hans Skriftir i samling kom ut med alle verka omskrivne etter den.

[endre] Verkliste

Skulptur i stein av Arne Garborg, ved skrivestova hans i Knudaheio.
Foto: Onar Vikingstad

[endre] Romanar

Ein Fritenkjar (1878)
Bondestudentar (1883)
Mannfolk (1886)
Hjaa ho Mor (1990)
Trætte Mænd (1891)
Fred (1892)
Den burtkomme Faderen (1899)

[endre] Diktsamlingar

Haugtussa (1895)
I Helheim (1901)

[endre] Skodespel

Uforsonlige (1888)
Læraren (1896)

[endre] Andre verk

Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse (1877)
Forteljingar og Sogar (1884)
Knudahei-brev (1904)
Jesus Messias (1906)
Kolbotnbrev (1890)
Jonas Lie. En Udviklingshistorie (1893)
Dagbok 1905-1923 (19251927)
Tankar og utsyn (1950)
Odyssevskvædet umsetjing, Kristiania (1918)
Han Lars i Lia

[endre] Bakgrunnsstoff

Wikisource Arne GarborgWikikilden (frie originaltekstar)
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Arne Garborg

[endre] Nettstader

[endre] Artiklar

[endre] Bilete

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arne Garborg
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk