Arne Haukvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Haukvik

Fødd12. februar 1926
Sauherad
Død21. august 2002 (76 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet, Pensjonistpartiet (1997)
Yrkepolitikar
Utdanna vedFolkehøgskule
Alle verv

Arne Haukvik (fødd 12. februar 1926 i Sauherad, død 21. august 2002 på Furuset sykehjem) var ein norsk politikar og friidrettsentusiast. Arne Haukvik var ein av hovuddrivkreftene bak den årvisse idrettstevlinga Bislett Games i Oslo. Han vart gjerne kalla «Mannen med stråhatten».

Som politikar representerte Arne Haukvik Senterpartiet, både i Oslo bystyre (1968-1979 og 1992-1995) og som stortingsrepresentant på 1990-talet. Etter 1997, då han ikkje vart nominert av Senterpartiet, gjekk han over til Pensjonistpartiet.

Haukvik hadde ei rekkje verv innan både idrett og politikk. Han var i mange år manager for den australske langdistanseløparen Ron Clarke som Haukvik hadde henta til Noreg for å delta på dei fyrste Bislett Games i 1965. Clarke budde då heime hjå Haukvik. Når det så ringte journalistar og ville intervjua Clarke, inviterte Haukvik dei på jordbær og fløyte i hagen. Dette vart byrjinga på Haukvik sine jordbærselskap og pressetreff som blei ein årleg tradisjon i forkant av Bislett Games.[1] Under Bislett Games 1965 senka Clarke verdsrekorden på 10 000 meter med 34.8 sekund - den nye rekorden blei 27,39.4.[2]

Arne Haukvik var lenge leiar for Bislett-Alliansen og var stemnedirektør for Bislett Games til Svein Arne Hansen tok over. Han arrangerte sjølv jordbærfestane fram til 2001, då han var for sjuk til å halda fram med det. Etter at Haukvik døydde av kreft i 2002, har kona hans, Ingjerd Haukvik, vorte invitert som æresgjest til Bislett Games.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]