Arne Jacobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Jacobsen

Nasjonalitet Dansk
Statsborgarskap Kongeriket Danmark, Tyskland
Fødd 11. februar 1902
København
Død

24. mars 1971 (69 år)
København

Utdanning Teknisk Skole (1920-24)
Kunstakademiet i København (1924-27)
Yrke arkitekt, designar, møbeldesigner
Kjende verk Som arkitekt:
Bellavista, Bellevue Teatret, Århus rådhus, Rødovre rådhus, Glostrup rådhus, Munkegårdsskolen, Radisson Blu Royal Hotel, Toms Chokoladefabrik, Danmarks Nationalbank og St Catherine’s College i Oxford[1]

Som formgjevar:
«Myren», «7’eren», «Ægget» og «Svanen»[1]

Periode Funksjonalismen
Medlem av Serbias vitenskaps- og kunstakademi
Ektefelle Jonna Jacobsen
Arne Jacobsen på Commons

Arne Jacobsen (fødd 11. februar 1902 i København, død 24. mars 1971 i København) var ein dansk arkitekt og formgjevar som var med å innføre modernismen i Danmark.[2] Han sette eit avgjerande preg på funksjonalismen og dansk arkitektur på 1900-talet, og hatt innverknad på dansk arkitekturtradisjon heilt inn i våre dagar.

Av dei arkitektoniske hovudverka kan nemnast Bellavista bustadområde i Klampenborg ved København, Århus rådhus, Radisson Blu Royal Hotel i København og Danmarks Nationalbank. Han skapte òg store verk som formgjevar, mellom anna stolen «Myren» («Mauren») og lenestolen «Ægget».

Bakgrunn og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Bellavista funksjonalistiske bustadområde i Klampenborg ved København vart bygd i 1931–1934 og inneheld 68 husvære. Bellavista blei premiert av Gentofte kommune i 1934.
Foto: Hans Andersen
Texacostasjonen frå 1937 på Kystvejen i Skovshoved i Gentofte. Bygningen er kvit, støypt i jarnbetong og dekt av flise frå Meissen. Den måler 9 x 15 meter.
Foto: Christian Lylloff
Århus rådhus var eit samarbeid mellom Erik Møller og Arne Jacobsen og eit resultat av ein arkitektkonkurranse. Det blei opna 2. juli 1941. Rådhuset er eit av dei få danske rådhusa som er freda på grunn av si usedvanlege arkitektur.
Foto: Nils Jepsen
Radisson Blu Royal Hotel ligg i Hammerichsgade på Vesterbro i København rett ved Tivoli og Københavns hovedbanegård.
Foto: seier+seier
Nationalbanken
Foto: Thue

Jacobsen var fødd i København som son av handelsmannen Johan Jacobsen og kona Pouline Salmonsen.[2] Han utdanna seg fyrst til murar ved Teknisk Skole i København, men las vidare til arkitekt på Kunstakademiet der han var student i åra 1924-1927. Mellom lærarane var Kay Fisker, Ivar Bentsen og Kaj Gottlob.[2]

I 1925, medan han framleis var student, deltok Jacobsen på Verdsutstillinga i Paris der han vann sølvmedalje for formgjevinga av ein stol. På same utstillinga deltok Le Corbusier med ein paviljong, og Jacobsen blei slått av den banebrytande estetikken.

Innan han slutta på akademiet var han òg i Tyskland der han blei kjend med arkitekturen til Ludwig Mies van der Rohe og Walter Gropius.

Etter eksamen vart han tilsett ved kontoret til statsarkitekt Poul Holsøe i København.

I 1929 teikna han «Fremtidens Hus» i samarbeid med Flemming Lassen. Dette var eit hus til «Akademisk Arkitektforenings Bygge- og Boligudstilling» sin utstilling i Forum København og blei rive etter utstillinga. Huset fekk 1. premie.

I 1930 opna han sitt eige kontor i Hellerup i Gentofte kommune og her virka han fram til sin død, berre avbrote av nokre år under andre verdskrig.[3] Fleire kjende danske arkitektar og formgjevarar starta karrieren sin på Arne Jacobsens arkitektkontor, mellom anna Jørgen Møller, Hans J. Wegner, Peter Karpf og Jørgen Gammelgaard. Etter at Jacobsen døydde i 1971, vert arkitektkontoret ført vidare av Dissing+Weitling.

Virke som arkitekt[endre | endre wikiteksten]

Etter at han opna eige arkitektkontor teikna han fleire villaer til familiar i Gentofte. I 1930 fekk han sitt eigentlege gjennombrot med «Rothenborgs hus» i Klampenborg. Her planla han alt ned til minste detalj, noko som blei meir karakteristisk for mange av dei seinare verka hans.[4] Huset fekk offentleg omtale og Arne Jacobsen vert samanlikna med Le Corbusier.[4]

Det fyrste store prosjektet hans var bustadområde Bellavista i København. Bellavista funksjonalistiske bustadområde i Klampenborg ved København vert bygd i 1931–1934 og inneheld 68 husvære. Bellavista blei premiert av Gentofte kommune i 1934.[5] Jacobsen har nytta tomta maksimalt etter krav stilt frå kommunen.

På rundt same tid vann han ein konkurranse lyst ut av Gentofte kommune for rehabilitering og modernisering av Bellevue strand ut mot Øresund. Han teikna alle badefasilitetane i 1932, og hagearkitekt C.Th. Sørensen utarbeidde planen for sjølve området.

Bellevue Teatret er det tredje og siste verket i det som seinare gjerne vert kalla «Den hvide by» - «Den kvite byen»; med Bellavista, Bellevue strandbad og teatret. Bellevue Teatret blei fullført i 1936 og opna same år. Interiøret har dekorasjonar av mosaikk og tak ein kan skyve opp. Veggar, tak og proscenium (den delen av teaterscena som er lengst fram) er kledd i lerret og bambus. På sceneteppet er ei badejente teikna av Sikker Hansen.[6]

Klynga av kvite byggverk på Bellevue inkluderer òg Skovshoved bensinstasjon. Jacobsen nytta element ein kan kjenne att i konstruksjonen av stolen Myren som han formgav seinare; fasongen på stolryggen finn ein att i halvtaket på bensinstasjonen.

Neste prosjekt var Stellings Hus på Gammeltorv i København. Dette er ein forretningsgard på seks etasjar midt i eit strok av gamle eigedomar. Huset er kledd i grøne jarnplater og grå fliser. Då det vert reist vekte det ein storm av reaksjonar.[7]

I 1937 vann Jacobsen og Erik Møller ein arkitektkonkurranse om nytt rådhus i Århus. Det vart opna 2. juli 1941. Som eit av dei få danske rådhus blei Århus rådhus freda i mars 1994 på grunn av sin særmerkte arkitektur. I det fyrste utkastet var rådhuset utan tårn, men etter stort folkeleg press måtte ein føye til eit.

Jacobsen sjølv var nok ikkje nøgd med å verte pressa til å plassere eit tårn på rådhuset og sa i eit intervju:

« Vi foreslog som kompromis at lave tårnet som en campanile, som stod inde i rådhushaven, tæt op ad rådhuset selvfølgelig, men det ville man heller ikke have. Det skulle stå på selve rådhuset, og derfor står det på den lidt fortvivlede måde og jokker med sine ben lige ned igennem taget. Det kan jo ikke siges, at være den heldigste arkitektoniske løsning. »

I januar 2006 blei Aarhus rådhus tatt med under arkitektur i Danmarks kulturkanon.[8][9]

Under andre verdskrig var det knapt med byggjemateriale, noko som førte med seg at det blei hardt å få oppdrag. På grunn av den jødiske bakgrunnen sin måtte han flykte frå Danmark i 1943 for å unngå deportasjon. Han reiste til Sverige der han budde dei neste to åra. I den tida han var i Sverige teikna han berre eit sommarhus og nokre tekstilar og tapet.

Då krigen slutta i 1945 drog Jacobsen tilbake til Danmark og tok opp att gjerninga si. Landet var i akutt behov for både husvære og nye offentlege bygg.

I starten av 1950-talet teikna han fleire husvære, mellom anna Allehusesekomplekset og Søholmhusene. Han flytta sjølv inn i eit av husa i Søholm og budde her til sin død. På denne tida fekk han også oppdrag som til dømes Rødovre rådhus og Munkegaard skole.

Jacobsen fekk i oppdrag å teikne SAS-hotellet i København, verdas fyrste designerhotell. Han teikna alt; sjølve bygget og alt inventar. Desse store oppgåvene førte til at han trekte til seg merksemd frå utlandet, og han fekk utføre mellom anna St. Catherine's College i Oxford som stod ferdig i 1964.

Jacobsen døydde brått og uventa i 1971, og hadde då fleire uferdige prosjekt gåande, mellom anna Danmarks Nationalbank og den danske ambassaden i London. Desse prosjekta blei stilt ferdig av Dissing+Weitling, som bestod av nøkkelpersonane Hans Dissing og Otto Weitling frå Jacobsens arkitektkontor.

Formgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Svanen» til høgre og «Ægget» til venstre
Foto: Lars Plougmann

Jacobsen meinte at utforminga av ein bygning med tilhøyrande interiør burde bli bestemt av ein analyse av strukturane og kva dei skulle brukast til, og at utforminga av bygningen og innreiinga skulle komplettere kvarandre.

På 1930-talet inngjekk Jacobsen eit samarbeid med møbeltilverkaren Fritz Hansen. Teknikken var ikkje moden for idéane på denne tida, men dei blei til verkelegheit tidleg på 1950-talet da han begynte å formgje møblar til bygningane sine.

I 1952 formgav han «Myren», ein stol med tre bein. Denne er framleis i produksjon. Tre år etter kom Model 3107, kalla «syv'ere» eller Serie 7. Dette er ein stol til å stable og med fire bein. Den er framleis i produksjon hjå firma Fritz Hansen. «AJ-bestik» og stolane «Ægget» og «Svanen» kom i 1958.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Jacobsen fekk ei rekkje utmerkingar for sitt virke:

  • 1936 Eckersbergmedaljen
  • 1955 C.F. Hansenmedaljen
  • 1956 professorat i arkitektur ved Kunstakademiet i København, og her underviste han i åra 1956-1965.
  • 1960 Le grand prix international d'architecture
  • 1961 Arkitekturprisen til l'Architecture d'Aujourd'hui
  • 1962 Prins Eugenmedaljen
  • 1962 æresmedlem av Akademisk Arkitekt Forening
  • 1963 den tyske Fritz Schumacherprisen
  • 1966 æresdoktor ved University of Oxford
  • 1968 æresdoktor ved University of Strath Clyde
  • 1970 den danske Træprisen[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Arne Jacobsen biografi Arkivert 2012-03-18 ved Wayback Machine. frå Arne Jacobsen.com
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Arne JacobsenKunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon
  3. Arne Jacobsen i Gentofte Arkivert 2011-11-15 ved Wayback Machine. - 24 udvalgte bygninger
  4. 4,0 4,1 Rothenborg - www.arnejacobsen.gentofte.dk, arkivert frå originalen 21. mars 2011, henta 12. mai 2012 
  5. Bellavista - www.arnejacobsen.gentofte.dk, arkivert frå originalen 19. mars 2011, henta 12. mai 2012 
  6. Bellevue Teatret - Den Store Danske
  7. Stellings Hus Arkivert 2012-05-02 ved Wayback Machine. frå Indenfor voldene
  8. Om Århus rådhus hos Kulturkanonen, arkivert frå originalen 25. mai 2012, henta 12. mai 2012 
  9. Begrunnelse – Kulturkanonen, arkivert frå originalen 28. november 2011, henta 12. mai 2012