Arne Johannessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Johannessen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. april 1958 (65 år)
Yrke politibetjent, fagforeiningsleiar
Medlem av Politiets Fellesforbund, Actis
Arne Johannessen på Commons

Arne Johannessen (fødd 29. april 1958) er ein norsk politimann og fagforeiningsleiar. I september 2000 vart han leiar i Politiets Fellesforbund.

Arne Johannessen er utdanna på Befalsskolen for militærpolitiet og Politiskolen. Han har vore befal i Militærpolitiet, lensmannsbetjent i Luster i Sogn og Fjordane, forbundssekretær og leiar i Lensmannsetatens Landslag, nestleiar i Politiets Fellesforbund og lensmann i Sogndal frå 1998 til 2000. Sidan september 2000 har han vore leiar i Politiets Fellesforbund. Arne Johannessen har også vore leiar i Hafslo Arbeiderlag og kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Luster kommune.

I 2005 fekk han «Målprisen 2005» frå Luster mållag under Lustramarknaden.[1] I 2007 fekk han Målprisen frå Noregs Mållag.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK Sogn og Fjordane

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]