Arne Kjell Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om kombinertløparen. For langrennsløparen, sjå Arne Larsen. For fotballspelaren, sjå Arne Larsen Økland.
Arne Kjell Larsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. desember 1937 (86 år)
Asker
Idrett kombinert, skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1964, Vinter-OL 1960

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

Arne Kjell Larsen (fødd 23. desember 1937) er ein norsk tidlegare kombinertløpar frå Asker. Verdsmeister i øvinga i 1962. Han var medlem i Heggedal Idrettslag.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Larsen deltok under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley, men tok ingen medaljar her. Under Ski-VM 1962 i Zakopane i Polen vart han verdsmeister i kombinert. Same året vann han i kombinert i Svenska skidspelen og dessutan vart han noregsmeister både i kombinert og i skihopp. Den litt uvanlege skihoppstilen til Larsen var med armane strekte framover i svevet, lik dei tyske Helmut Recknagel og Max Bolkart.

Arne Larsen er den einaste kombinertløparen som har vorte noregsmeister i spesialhopp.

Arne Kjell Larsen tok del i Vinter-OL 1964 i Innsbruck, men tok ingen medaljar heim frå dette OL-et heller. Men same året vann han i kombinert i Lahtispelen. Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1965, og har i tillegg to kongepokalar.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

På sida av skikarrieren var Larsen bakar og dreiv Heggedal Bakeri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]