Arne Kvalheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arne Magnus Kvalheim (fødd 25. april 1945 i Hønefoss) er ein norsk, tidlegare mellomdistanseløpar som representerte IK Tjalve. Arne Kvalheim er bror til Knut Kvalheim som også gjorde det stort innan friidrett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Arne Kvalheim trente under Arne Nytrø i Tjalve, men flytte i 1966 til USA for å studera ved University of Oregon, der han trente under Bill Bowerman. [1] Kvalheim deltok i 11 individuelle NM på distansane 800 meter, 1500 meter, 5000 meter og terrengløp. Han sette i alt åtte norske rekordar i løpet av karrieren sin. I 1968 sette han ny nordisk 1500 metersrekord på 3,38.5, hans personlege bestetid og tredje best i Europa. Han vart også fyrste nordmann til å springa ei engelsk mil på under fire minutt; dette skjedde i 1967. Same året representerte han Europalaget mot Nord-Amerika på 1500 meter.

Dei einaste olympiske leikane Arne Kvalheim deltok i, var sommar-OL 1968 i Mexico by. Her tevla han i 1500 meter, men vart slått ut i semifinalen. [2]

EM i friidrett 1969 vart arrangert i Hellas, valde Arne Kvalheim å boikotta leikane i protest mot det dåverande militærregimet i landet. Det same valet tok Helge Pharo og svenske Anders Gärderud. [3] Han vann kongepokalen i friidrett same året, og i 1973 fekk han Bislett-medaljen. Kvalheim deltok under EM i friidrett 1974 i Roma og kom her på sjetteplass på 5000 meter. Arne Kvalheim la opp som 29-åring. [4]

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Etter idrettskarrieren sin vart Kvalheim lokalpolitikar. Han representerte Ap som medlem i Oslo bystyre frå 1975-1987 og 1984-1987 var han kommunalråd for kommunikasjon i Oslo. Frå 1987-1992 var han administrerande direktør for Oslo spektrum. I 2013 gjekk Kvalheim ut med kritikk mot ei slapp haldning i NRK mot dopingdømte utøvarar. Han meinte kanalen burde konfrontera dei og ikkje berre driva med «koseprat» i intervju. [5] Kvalheim har også nyleg tilrådd unge idrettsutøvarar å gjera 100-200 tåhev kvar dag for å styrka leggmuskulaturen og slik unngå skadar. [6]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]