Arne L. Haugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arne L. Haugen

Arne L. Haugen (fødd 25. juli 1939 i Meldal) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet.

Han var ordførar i Meldal kommune i Sør-Trøndelag frå 1979 til 2005, noko som gjer han til ein av dei som har sete lengst som ordførar i Noreg. Haugen vart valt som vararepresentant til Stortinget frå Sør-Trøndelag i 2005, og møter fast mens Trond Giske er i regjering.

Haugen har skogbruksutdanning, og dreiv eigen gard inntil han vart politikar på heiltid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]