Arne Næss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arne Dekke Eide Næss (27. januar 191212. januar 2009) var ein norsk filosof.

Arne Næss og kona hans tek del i valkampen til Miljøpartiet dei Grøne i 2003

Liv[endre | endre wikiteksten]

Han avla magistergraden, som den yngste nokosinne, i 1933, blei dr.philos i 1936 og vart professor ved Universitetet i Oslo frå 1939 til 1970. Ved tilsettinga som professor var han 27 år gamal. Han var kjent som grunnleggjaren av den såkalla Oslo-skolen og hadde stor innverknad på universitetsutdanninga i Noreg. Næss var onkel til den avdøde finansmannen Arne Næss Jr..

Næss har skrive mykje vidfemnande filosofisk litteratur, mellom anna Interpretation and Preciseness (1953), Hvilken verden er den virkelige? (1969) og Økologi, samfunn og livsstil (1974). I 2005 blei The Selected Works of Arne Naess i ti band utgitt på det nederlandske forlaget Springer. I Interpretation and Preciseness utarbeidde Næss det teoretiske grunnlaget for boka En del elementære logiske emner som tidlegare blei undervist til ex. phil. ved mange universitet i Noreg. Boka inneheld mellom anna ei tolkingslære, ei lære om pro- aut contra-argumentasjon, og ei lære om normer for sakleg meiningsutveksling. Saklegheitslæra er delvis inspirert av Gandhi sine tankar om ikkje-vald og delvis av Aristoteles si lære om formale og argumentative fallgruver.

Næss var også kjent som fjellklatrar, og innførte bolteteknikken i Noreg. I 1950 leia han den første ekspedisjonen som nådde toppen av Tirich Mir (7 690 moh.) i Pakistan.

Ofte gav han uttrykk for at han meinte det var viktig å ha kontakt med barnet i seg. Dette kjem typisk til syne gjennom boksekampane han insisterte på å ha med reportarane som intervjua han.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Arne Næss' normar for sakleg diskusjon[endre | endre wikiteksten]

  1. Unngå tendensiøst utanomsnakk
    Døme: Personkarakteristikkar, påstandar om motparten sine motiv, årsaksforklaringar til argument.
  2. Unngå tendensiøse attgjevingar
    Attgjevinga må vera nøytral med omsyn til stridsspørsmål.
  3. Unngå tendensiøs fleirtyding
    Fleirtyding gjer at argumentet kan tilpassast kritikken.
  4. Unngå tendensiøs bruk av stråmenn
    Dette vil seie å tillegge motstandarane sine standpunkt eit innhald dei ikkje står inne for.
  5. Unngå tendensiøse originalframstillingar
    Informasjon som leggjast fram må ikkje vera usann, ufullstendig, skeiv og eller halde attende relevant informasjon.
  6. Unngå tendensiøs utforming av innlegg
    Døme: ironi, sarkasme, skjellsord, overdrivingar eller trugsmål.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]