Arne Olaus Fjørtoft Garborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Olaus Fjørtoft Garborg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. mai 1888
Død

10. oktober 1968 (80 år)

Yrke bibliotekar, skribent
Far Arne Garborg
Mor Hulda Garborg

Arne Olaus Fjørtoft Garborg (25. mai 18881968), gjerne tiltalt som «Tuften», var ein norsk bibliotekar, skodespelar og forfattar, tilsett på Universitetsbiblioteket i Oslo. Han arbeidde med å samanfatta bibliografien til far sin, Arne Garborg.

Han var einebarn av Arne og Hulda Garborg. Barndomen hans er mykje omtala i foreldras dagbøker, brev og avisartiklar. Han var oppkalla etter faren og etter «Noregs første sosialist», Olaus Fjørtoft.

Han var med i teatertruppen Det norske spellaget, forlauparen til Det norske Teatret, først som skodespelar og i 1912 som teatersjef.

Arne O. Garborg tok over barndomsheimen Labråten i Hvalstaddalen i Asker kommune, der han budde saman med kone og barn. Huset er i dag museum. Her heng Gustav Wentzel sitt måleri Tuften på ski.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Norske aviser, 1763-1920. Fortegnelse over aviser som finnes i Universitetsbiblioteket og andre samlinger (Oslo. Universitetsbibliotekets årbok. 1923. pt. 2.)