Arne Pedersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Pedersen

Arne Pedersen til venstre, før avspark i cupfinalen 1957. Til høgre Thorbjørn Svenssen.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. november 1931
Fredrikstad
Død

16. november 2013 (82 år)
Fredrikstad

Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Arne Pedersen (1. november 193116. november 2013) var ein norsk fotballspelar frå Fredrikstad. Han spela i alle år for Fredrikstad Fotballklubb, med klubben vann han seks seriemeisterskap og tre noregsmeisterskap i fotball i åra frå 1950 til 1966. Vanlegvis spela han indreløpar, nærast som ein offensiv midtbanespelar.

Mellom 1957 og 1966 spela Pedersen 40 landskampar for Noreg og skåra 11 mål. Han var med på å vinne 4-3 over Skottland i 1963, og over Jugoslavia med 3-0 i 1965.

Pedersen vart seriemeister med Fredrikstad FK i sesongane 1950–51, 1951–52, 1953–54, 1956–57, 1959–60 og 1960–61. Pedersen var med å vinne cupmeisterskapen med Fredrikstad i 1957, 1961 og 1966. Han la opp etter cuptriumfen i 1966, der han på eit straffespark skåra sigersmålet til 3-2 over osloklubben Lyn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]