Arne Rustadstuen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Rustadstuen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. desember 1905
Lillehammer kommune
Død

25. april 1978 (72 år)
Lillehammer kommune

Yrke langrennsløpar, kombinertløpar, langrennstrener
Høgd 180 centimeter
Arne Rustadstuen på Commons

Arne Rustadstuen (14. desember 190525. april 1978)[1]) var ein norsk langrennsløpar, kombinertløpar og langrennstrenar frå Fåberg, medlem av Lillehammer Skiklub.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 1930 vann Rustadstuen gullmedaljen på 17 km under VM i Oslo, og året etter tok han bronsemedaljen i kombinert under VM i Oberhof. Under OL 1932 fekk han bronsemedaljen på femmila. Han deltok også i OL 1936 i Garmisch-Partenkirchen, der beste plassering var sjetteplass på 18 km.

Rustadstuen vann Birkebeinerrennet i 1933 og 1934. I 1934 brukte han 5.41.25 på turen over fjellet mellom Rena og Lillehammer.[2]

I 1935 vart han tildelt Holmenkollmedaljen.

Han døydde på Lillehammer.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. sports-reference.com, arkivert frå originalen 25. september 2015, henta 8. mars 2013 
  2. Åmot ungdomsskole

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Arne Rustadstuen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.