Arne Scheie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arne Scheie (2009)
Foto: Alexander Ottesen

Arne Scheie (fødd 7. januar 1944) er sportskommentator i NRK, med fotball og skihopping som spesialfelt. Han har vore tilsett i NRK sidan 1972. Sidan da har han mellom anna dekt åtte vinter-OL, vore til stades på over 30 hoppveker, og han har kommentert mykje over 100 kampar med Noregs herrelandslag i fotball.

Scheie blir rekna som ein utømmeleg kunnskapskjelde når det gjeld fotball og skihopping. Det er sjeldan at han går heilt frå konsepta, men det hender. Mange hugsar det spontane utbrotet hans til kollega Jon Herwig Carlsen da det var klart at Tommy Ingebrigtsen hadde teke VM-gull i hoppbakken i Thunder Bay i 1995: «La meg få kysse deg, Jon!» Og Carlsen svara like spontant: «Ja! Ja!»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]