Arne Skauge
Arne Skauge (fødd 27. januar 1948) i Bergen er ein norsk tidlegare politikar for Høgre. Han var utdanna siviløkonom frå NHH i 1971.
Innhaldsliste |
[endre] Regjering
Arne Skauge hadde to periodar som statsråd i Kåre Willoch si regjering:
- 14. oktober 1981 - 8. juni 1983: Sjef for Handelsdepartementet (handelsminister).
- 25. april 1986 - 9. mai 1986: Sjef for Finansdepartementet (finansminister).
I perioden 31. august 1984 - 25. april 1986 var han statssekretær på Statsministerens kontor.
Han var så finansminister på nytt i perioden 16. oktober 1989 - 3. november 1990 i Jan P. Syse si regjering.
[endre] Stortinget
Arne Skauge var vararepresentant til Stortinget for Hordaland i perioden 1973-1977, og var fast representant i dei fire påfølgjande periodane, åra frå 1977 til 1993.
[endre] Yrkeskarriere
I åra 1971-1976 var han konsulent ved Viak A/S samfunnsplanlegging. Han var så personalsjef i Bergen kommune 1976-1978.
I perioden 1993-1998 var han konserndirektør og divisjonsdirektør i ulike avdelinger av Den norske Bank. 1998-2000 var han administrerande direktør i Den norske bankforening. Sidan 2000 har han vore administrerende direktør i Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH).
[endre] Kjelder
Arne Skauge hos Stortinget.no, vitja 18. april 2010
| Føregjengar Finn Kristensen |
Norske handelsministrar 1981–1983 |
Etterfylgjar Asbjørn Haugstvedt |
| Norske handelsministrar | |
|---|---|
| Erik Brofoss (1947-54) · Oscar Torp (1954) · Nils Langhelle (1954-55) · Arne Skaug (1955-62) · Oscar Chr. Gundersen (1962-63) · Kåre Willoch (1963) · Erik Himle (1963-64) · Trygve Lie (1964-65) · Kåre Willoch (1965-70) · Otto Grieg Tidemand (1970-71) · Per Kleppe (1971-72) · Hallvard Eika (1972-73) · Jens Evensen (1973-74) · Einar Magnussen (konstituert) (1974-76) · Hallvard Bakke (1976-79) · Reiulf Steen (1979-81) · Kari Gjesteby (1981) · Arne Skauge (1981-83) · Asbjørn Haugstvedt (1983-86) · Kurt Mosbakk (1986-88) · Jan Balstad (1988-89) · Kaci Kullmann Five (1989-90) · Eldrid Nordbø (1990-91) · Bjørn Tore Godal (1991-94) · Grete Knudsen (1994-96) |
| Norske finansministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Gunnar Jahn (1945) · Erik Brofoss (1945–47) · Olav Meisdalshagen (1947–51) · Trygve Bratteli (1951–55) · Mons Lid (1955–56) · Trygve Bratteli (1956–60) · Petter Jakob Bjerve (1960–63) · Andreas Cappelen (1963) · Dagfinn Vårvik (1963) · Andreas Cappelen (1963–65) · Ole Myrvoll (1965–71) · Ragnar Christiansen (1971–72) · Jon Ola Norbom (1972–73) · Per Kleppe (1973–79) · Ulf Sand (1979–81) · Rolf Presthus (1981–86) · Arne Skauge (1986) · Gunnar Berge (1986–89) · Arne Skauge (1989–90) · Sigbjørn Johnsen (1990–96) · Jens Stoltenberg (1996–97) · Gudmund Restad (1997–2000) · Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (2000–01) · Per-Kristian Foss (2001–05) · Kristin Halvorsen (2005–2009) · Sigbjørn Johnsen (2009–) |
- Fødde i 1948
- Norske finansministrar
- Norske handelsministrar
- Høgrestatsrådar
- Norske statsrådar etter 1945
- Folk frå Bergen
- Stortingsrepresentantar 1977-1981
- Stortingsrepresentantar 1981-1985
- Stortingsrepresentantar 1985-1989
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar for Hordaland