Arnold
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnold er eit mannsnamn som kjem frå tysk, samansett av Arn- ’ørn’ og eit etterledd som tyder ’herskar’. Namnet var innlånt alt i norrønt, då som Arnaldr. Ei latinisert form er Arnoldus, ei moderne kortform er Arno.
Arnold har namnedag 1. desember.
Innhaldsliste |
[endre] Bruken av namnet i Noreg
- I folketeljinga i 1801 vart 36 personar manntalsførte med namnet Arnold, 21 med namnet Arnoldus. Somme andre variantar var òg brukte.
- I teljinga frå 1900 var det nær 570 personar som het Arnold, og om lag 120 som het Arnoldus. 3 het Arno.
- I 2008 er det nær 1 200 som har Arnold til første fornamn, 6 som heiter Arnoldus og vel 40 som heiter Arno.
[endre] Kjende namneberarar
- Arnold von Siemens (1853 - 1918), tysk industrileiar
- Arnold Schönberg (1874 - 1951), austerriksk komponist
- Arnold Weiberg-Aurdal (f. 1925), norsk lokalpolitikar
- Arnold Eidslott (f. 1926), norsk lyrikar
- Arnold Rüütel (f. 1928) estisk politikar og president
- Arnold Schwarzenegger (f. 1947) amerikansk skodespelar og politikar
[endre] Sjå òg
- Søk etter norsk namnestatistikk for Arnold hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet
[endre] Andre kjelder
- Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4