Arnold Böcklin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1873
Villa ved havet, 1878
Tredje versjon av Dødens øy (Toteninsel) frå 1883.
Sovande Diana vert studert av to faunar, 1877-85

Arnold Böcklin (16. oktober 182716. januar 1901) var ein sveitsisk kunstmålar, teiknar, grafikar og bilethoggar. Han er ein av dei fremste representantane for symbolismen, ei kunstrørsle aktiv på slutten av 1800-talet. Hans mest kjente verk er måleriet Dødens øy (Toteninsel), som finst i fem variantar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Böcklin var fødd i Basel, og var son til ein forretningsmann. Han fekk undervisning i teikning i heimbyen, før han 1845 til 1847 studerte ved Düsseldorf Kunstakademi med Johann Wilhelm Schirmer, Theodor Hildebrandt og Rudolf Wiegmann. År 1847 gjorde han og landsmannen Rudolf Koller ein studietur til Belgia, der han vart svært imponert over Peter Paul Rubens sine verk. I 1848 drog han til Paris og gjekk i Louvre. Deretter var han ei tid i lære i atelieret hos landsmannen Johann Gottfried Steffan. Fram til 1850 arbeidde han i Basel, der han måle sine første karakteristiske landskap. Åra 1850 til 1857 jobba han tidvis i Roma. I løpet av sine sju år der, var han under sterk påverknad frå Gaspard Dughet og Francis Dreher.

Böcklin gifta seg i 1857 og slo seg ned i Basel. I 1858 fekk han, etter tilråding frå Anselm Feuerbach, i oppdrag å måle matsalen i ein rikmannsvilla i Hannover. Han vart vide kjent i kunstkrinsar etter han i mars 1859 måla biletet Pan in Schilf (Pan i sivet). Frå 1860 til -62 underviste han ved Sachsen Kunstskule i Weimar. Der Jagd von Diana i 1862 var hans første store bestillingsverk.

Same året, 1862, returnerte Böcklin til Italia der han besøkte Napoli og Pompeii. I løpet av denne tida kom han fram til den karakteristiske stilen sin, med skarpe konturar, intens fargeglød og ofte i ei mytologisk verd med mytiske skapningar. Åra 1871-74 budde han i München, der han i 1872 måla Selbstbildnis mit fiedelndem Tod (Sjølvportrett med felespelande Død). Frå hausten 1874 til april 1885 budde han i Firenze. Det var her han måla dei fem versjonane av biletet Toteninsel.

Frå 1885 til 1892 budde og arbeidde Böcklin i Hottingen i Zürich. Etter eit hjerneslag i 1892 busette han seg ​​i Firenze, og flytta seinare til sin eigedom i Fiesole. Böcklin døydde i San Domenico og vart gravlagd på den protestantiske kyrkjegarden, Campo Santo degli Allori, i Firenze.

Ved sida av Ferdinand Hodler, Max Klinger og Lovis Corinth var Böcklin ein av dei viktigaste utøvarane av tysk symbolisme. Denne retninga braut både med den dominerande akademiske måleristilen, og med den i andre halvdel av 1800-talet rådande naturalismen.

Fleire av Böcklins verk har inspirert andre kunstnarar. Surrealistar som Giorgio de Chirico, Salvador Dalí og Max Ernst såg på Böcklin som ein av sine forgjengarar og omtala han som ein «briljant og ironisk kunstnar». Komponisten Max Reger og hans verk Vier Tondichtungen nach A. Böcklin opus 128 (1913) er òg eit døme. Dødens øy har dessutan vore inspirasjonskjelde til både Toteninsel (1898) av den svenske komponisten Andreas Hallén, Ithaka opus 21 (1904) av Wilhelm Stenhammar og Dødens øy (1909) av russaren Sergej Rakhmaninov.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arnold Böcklin