Arnold Børud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arnold Børud (fødd 28. oktober 1947) er ein svært produktiv norsk gospelmusikar, songar, lærar og tekstforfattar. Han er opphavleg frå Askim, men har lenge butt på Hamar. Arnold Børud har skrive over 500 songar, og delteke på meir enn 60 plateinnspelingar. I dag er han tilsett ved Bibelskolen i Grimstad. Seint i 2007 fekk han Kongens fortenestmedalje i gull for sin innsats innan song og musikk. Medaljen vart overrakt av fylkesmann i Hedmark, Hans Røsjordet.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Som attenåring var Arnold Børud med på ein kristen leir der han valde å bli ein kristen. Etter dette lærte han å spela både gitar og piano, og starta ein karriere som kristen musikar. Han platedebuterte med duoen Arild & Arnold, men har seinare starta opp mange ulike musikalske prosjekt. Han gav ut soloplater, t.d. Balladen om Jesus frå 1975, [1] men han gav også ut musikk saman med kona Anne Marie på Han skal komme over oss frå 1980. [2]

I 1970 begynte Børud å undervisa på musikklinja ved Hamar lærerskole. I Hamar vart han dirigent for Praising; ungdomskoret til Hamar Domkyrkje, og seinare starta han sitt eige tverrkyrkjelege ungdomskor; Tvers. Børud var leiar for Tvers i om lag 20 år. Nokre av songarane frå Tvers vart med i ei mindre gruppe som fekk namnet Mini-Tvers. Arnold Børud gav også ut fleire plater med Mini-Tvers i sytti- og åttiåra.

I 1972 blei Arnold Børud med i gospelkvartetten Frisk Luft, som består av han sjølv, Rune Larsen, Kjell Fjalsett og Ivar Skippervold. Frisk Luft gav ut to LP-ar i 1970-åra, og har gjort eit lite comeback etter år 2000. Til saman har Frisk Luft no 5 utgjevingar.

Familien Arnold Børud[endre | endre wikiteksten]

Arnold og Anne-Marie Børud busette seg på Hamar og fekk borna Thomas (f. 1970), Linda (?) og Ole Børud (f. 1976). Borna viste seg å vera like musikalske som foreldra, og då borna framleis var små, gav dei ut si fyrste plate som familie. Som artist tok familien namnet Børud-gjengen, og dei gav ut fleire plater med kristen musikk for born og ungdom oppigjennom oppveksten. I tillegg gav Ole Børud ut soloplata Alle skal få vite det som barn, og systera Linda gav ut Linda Børud synger med barn.

I 1993 gav familien ut si fyrste plate under namnet Arnold B Family. I denne nye gruppa vart det også med svigerborn av Arnold Børud. Arnold B Family har tre gonger delteke i Melodi Grand Prix. Den høgste plasseringa deira fekk dei i 1995 med La oss feire livet, rett bak Secret Garden som vann både MGP og Eurovision Song Contest 1995 med Nocturne. I 1996 kom dei på sjette plass med Din smittende glede, og i 2000 fekk dei ein sjuande plass med When I Am Looking.

Ole Børud har lenge drive med metallmusikk, særleg i musikkgruppa Extol. Han har no gjeve ut to soloplater der stilen hans er meir prega av fønk og gospel.

Musikalske barneborn[endre | endre wikiteksten]

Thomas og Elin Børud (f. 1973) har dottera Lisa Børud (f. 1996), som har vorte kjend som barnestjerne i Noreg. Ho har gjeve ut minst åtte plater, og veslesystera Sofie Børud (f. 1998) er også med på nokre av platene.

Linda Børud Lindéh og Tomas Lindéh har sonen Dennis Lindéh. Han har saman med venninna Alice forma duoen Alice & Dennis, som har gjeve ut to cd-plater saman med musikk for barn. [3] [4] Veslesystrene til Dennis, Emma og Elly Lindéh [5] har også gjeve ut eiga cd-plate under namnet Emmy & Ella. [6]

Diskografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Arnold Børud - Balladen om Jesus (1975)
  • Anne Marie og Arnold Børud - Han skal komme over oss (1980)
  • Arnold Børud's mest kjente allsanger (1983)
  • Arnold Børud - Balladen om Jesus Rockeopera. (1984)
  • Arnold Børud - Mine første sanger (1998)
  • Arnold Børud - Gull - alt av Tvers og Mini-Tvers (2007)

Tvers[endre | endre wikiteksten]

  • Tvers I (1975)
  • Tvers II (1976)
  • Tvers III (1980)
  • Tvers IV (1985)
  • Tvers synger Crouch (1989)

Arnold Børud & Mini-Tvers[endre | endre wikiteksten]

  • Arnold Børud med Mini-Tvers 1 (1976)
  • Arnold Børud med Mini-Tvers 2 (1978)
  • Ny verdi (1982)
  • Skapt til å danse (1988)

Frisk Luft[endre | endre wikiteksten]

  • Gospel Live (1973)
  • Frisk Luft 2 (1975)
  • Lifetime Friends (2000)
  • I'll Never Find Another You (2004)
  • Allsanger og gospelhits fra 1970-tallet (2008)

Børud-gjengen[endre | endre wikiteksten]

  • Børud-gjengen 1
  • Livet er herlig
  • I farta
  • Fest og glede - 10 år med Børud-gjengen
  • Ole Børud - Alle skal få vite det
  • Jul med Børud-gjengen
  • Virkeligst av alt (1990)
  • Linda Børud synger med barn

Arnold B Family[endre | endre wikiteksten]

  • Du løfter meg opp (1993)
  • World Tour
  • Livslyst (1995)
  • Daddy (1998)
  • Come To Me (2001)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]