Arnold Schwarzenegger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arnold Schwarzenegger i 2010.
Stjerna til Arnold Schwarzenegger på Hollywood Walk of Fame.
Signaturen til Arnold Schwarzenegger

Arnold Alois Schwarzenegger (fødd 30. juli 1947) er ein austerriksk-amerikansk kroppsbyggjar, skodespelar og politikar. Frå 17. november 2003 til 3. januar 2011 var han guvernør i California i USA, der han er busett. Han har både austerriksk og amerikansk statsborgarskap.

Guvernør i California[endre | endre wikiteksten]

Arnold Schwarzenegger vart vald til guvernør i California den 8. oktober 2003 etter at eit opprop mot den sitjande guvernøren Gray Davis skaffa nok underskrifter til å skriva ut nyval. Schwarzenegger stilte til val som republikanar. Resultatet vart at 55,4 % av veljarane røysta for å kasta Davis, og at 48,6 % røysta for at Schwarzenegger skulle koma i staden.

Som guvernør kom Schwarzenegger i konflikt med delstatsforsamlinga i California, som hadde overvekt av demokratar i båe kammera, mellom anna kalla han dei demokratiske politikarane for «girlie men» («jentemenn»). I 2005 gjekk Schwarzenegger på eit nederlag då fire lovforslag frå han var oppe til folkerøysting og alle fire vart nedsrøysta. Etter dette nederlaget gjekk Schwarzenegger inn mot det politiske sentrumet og la seg på ei ny line med mindre konfrontasjon ovanfor delstatsforsamlinga. Han tilsette ein demokrat, Susan Kennedy, som leiar for staben sin. Ved det ordinære guvernørvalet i november 2006 hadde Schwarzenegger vunne att mykje av tillita mellom veljarane og han slo motkandidaten Phil Angelides, finansminister i California, med 56 % av røystene.

Schwarzenegger vert rekna til den liberale fløya mellom republikanarane, og har som guvernør engasjert seg sterkt for miljøvern og reduksjon i klimautslepp.

Det har vorte spekulert i om nokre av republikanarane vil ha Schwarzenegger som ein framtidig presidentkandidat, men då er det kravd eit grunnlovsbrigde, sidan Schwarzenegger ikkje er fødd i USA. Han er dobbelt austerriksk og amerikansk statsborgar, den amerikanske statsborgarskapen fekk han i 1983. I 2008 var han aktiv i valkampen for den republikanske presidentkandidaten John McCain.

Kroppsbyggjar[endre | endre wikiteksten]

Han har teke del i 22 kroppsbyggingskonkurransar og vunne Mr. Universe fem gonger og Mr. Olympia sju gonger. Då det var lovleg brukte han anabole steroidar.

År Tittel Stad Plass
1965 Junior Mr. Europe Flag of Germany.svg Tyskland
1
1966 Best Built Man of Europe Flag of Germany.svg Tyskland
1
1966 Mr. Europe Flag of Germany.svg Tyskland
1
1966 International Powerlifting Championship Flag of Germany.svg Tyskland
1
1966 NABBA Mr. Universe amateur Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
2
1967 NABBA Mr. Universe amateur Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
1
1968 NABBA Mr. Universe professional Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
1
1968 German Powerlifting Championship Flag of Germany.svg Tyskland
1
1968 IFBB Mr. International Flag of Mexico.svg Mexico
1
1968 IFBB Mr. Universe Flag of the United States.svg USA
2
1969 IFBB Mr. Universe Flag of the United States.svg USA
1
1969 NABBA Mr. Universe professional Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
1
1969 Mr. Olympia Flag of the United States.svg USA
2
1970 NABBA Mr. Universe professional Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
1
1970 Mr. World Flag of the United States.svg USA
1
1970 Mr. Olympia Flag of the United States.svg USA
1
1971 Mr. Olympia Flag of France.svg Frankrike
1
1972 Mr. Olympia Flag of Germany.svg Tyskland
1
1973 Mr. Olympia Flag of the United States.svg USA
1
1974 Mr. Olympia Flag of the United States.svg USA
1
1975 Mr. Olympia Flag of South Africa.svg Sør-Afrika
1
1980 Mr. Olympia Flag of Australia.svg Australia
1

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Faren til Schwarzenegger, Gustav Schwarzenegger, var politisjef (gendarmerikommandant).

26. april 1986 gifte Schwarzenegger seg med TV-journalisten Maria Shriver, niese av den tidlegare amerikanske presidenten John F. Kennedy, i Hyannis i Massachusetts. Presten Rev. John Baptist Riordan utførde viinga i St. Francis Xavier Roman Catholic Church.

Paret har fire born:

Filmografi[endre | endre wikiteksten]