Arnold Weiberg-Aurdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arnold Weiberg-Aurdal (fødd 18. juni 1925) er ein tidlegare stortingsrepresentant, bonde, heradsagronom og forfattar.

Arnold vart fødd i ÅlesundSunnmøre som son av privatpraktiserande lege Bastian M. Weiberg-Aurdal (1891–1973). Han voks opp i Kari-garden på Velle i Sykkylven.

Weiberg-Aurdal var stortingsrepresentant for Senterpartiet frå 1969 til 1985. Weiberg-Aurdal sat som formann i samferdselskomiteen frå 1973 til 1981 og medlem av den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen frå 1981 til 1985. Han er utdanna sivilagronom frå 1953, og har vore herradsagronom i både Stranda og Sykkylven.

I kommunestyret i Sykkylven har Arnold Weiberg-Aurdal vore med i ei årrekke, både som ordførar og kommunestyrerepresentant. Han har og site i fylkestinget i Møre og Romsdal. Han har vore med i ei rekkje styre og utval, såvel kommunale, statlege og private.

Som forfattar har han skrive ei rad med bøker, slektshistorier og jubileumsskrift.

Arnold Weiberg-Aurdal fekk tildelt Kongens fortenestmedalje i gull i 2003.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]