Arnoun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnoun
أرنون
by
Land  Libanon
guvernement Nabatieh guvernement
Distrikt Nabatieh distrikt
Høgd 550 moh.
Koordinatar 33°20′0″N 35°32′0″E / 33.33333°N 35.53333°E / 33.33333; 35.53333
Retningsnummer +961
Kart
Arnoun
33°20′00″N 35°32′00″E / 33.333333333333°N 35.533333333333°E / 33.333333333333; 35.533333333333
Wikimedia Commons: Arnoun

Arnoun (arabisk ارنون, hebraisk ארנון) er ein hovudsakleg sjiamuslimsk landsby 7 km søraust for Nabatiyeh i Nabatiyeh guvernement i sørlege Libanon. Landsbyen ligg kring 8 km frå grensa til Israel. Landsbyen ligg kring 550 meter over havet,[1] kring 1 km frå Beaufortborga.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arnoun er knytt til den nærliggande Beaufortborga. Namnet på byen kjem frå det arameisk arnoun, som tyder «liten topp» og syner til høgda der Beaufortborga står.[1] Borga vart kalla Qal'at Shqif Arnoun (arameisk, ‘borga på den høge klippa), som byen så har fått namn etter.

den israelske tryggleikssona vart oppretta i Sør-Libanon i 1985, låg Arnoun like utafor denne sona, men frå stillinga ved Beaufortborga kontrollerte Det israelske forsvaret effektivt området kring landsbyen.

Den 17. februar 1999,[2] etter at det vart utført åtak mot israelarane frå Arnoun, vart landsbyen formelt ein del av tryggleikssona.

Det israelske forsvaret forlét Arnoun den 24. mai 2000, då dei forlét tryggleikssona.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Regional Promenade Brochures - Al-Nabatieh (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 16. juli 2006, henta 23. september 2014 
  2. «Israeli jets attack, troops seize village in south Lebanon», CNN, 16. april 1999 (henta 22. september 2014)