Arnstein Arneberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Salen til FNs sikkerhetsråd er utforma av Arneberg
Foto: Bernd Untiedt
Oslo rådhus
Foto: Ranveig

Arnstein Rynning Arneberg (6. juli 18829. juni 1961) var ein norsk arkitekt frå Halden. Han var mellom anna éin av to arkitektar bak Oslo rådhus.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Arneberg var assistent hjå arkitekt Alfred Christian Dahl i Oslo i åra 1898-1900. I åra 1899-1902 var han elev ved Den kongelige tegneskole i Oslo under Herman Schirmer. Han var assistent hjå Ole Sverre i Oslo frå 1900-1903, deretter hjå Gustaf Lindgren i Stockholm til 1906. Han studerte under professorar som Isak Gustaf Clason og Erik Lallerstedt på den Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm frå 1904-1906.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Arnstein Arneberg fekk mange byggeoppdrag. Av dei tidlege er Eidsvoll folkehøgskule (1908) og Den norske sjømannskyrkje i Rotterdam (1914). Saman med Magnus Poulsson vann han arkitektkonkurransen om Oslo rådhus (1916-1918).

Arneberg sitt arbeid omfamnar manga villaer og mange kyrkjer, kyrkjer som Kristiansand domkyrkje (1952), interiøret i Uranienborg kyrkje (1930), restaureringa av Oslo domkyrkje (1948-1950), Hamar domkyrkje (1952), Vang, Hedmark (1954), Fredrikstad domkyrkje (1954) og restaureringa av Ullensvang kyrkjeLofthus i Hardanger i (1958).

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Arneberg var ein av dei fyrste mottakarane av St. Hallvardsmedaljen i 1956. Han mottok kunstnarløn frå 1954. Kommandør med stjerne av St. Olavs Orden. Kong Haakon VIIs Jubileumsmedalje, Haakon VIIs Erindringsmedalje. Innvalt medlem av Kgl. Akademien för de fria Konstnerna. Arneberg vart òg kommandør av den svenske Nordstjerneordenen.

Arkitekturprisen til Østfold Arkitektforening, Arnstein Arneberg pris, er kalla opp etter han. Prisen vart delt ut fyrste gong i 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

artemisia.no

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arnstein Arneberg
Spire Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.