Arnt J. Mørland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arnt Jacobsen Mørland (23. juni 188828. september 1957) var ein norsk skipsreiar og stortingsrepresentant frå Arendal.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mørland vart fødd i Arendal av foreldra Sofie Jacobsen (1855–1945) og Jens Halvorsen Mørland (1853–1936). Han gifta seg 16. juli 1913 med Constance Thomsen (1889–1977). Begge vart gravlagde på Arendal kyrkjegard. Saman fekk dei fem barn, tre jenter og to gutar. Den eine jenta døde rett før ho fylte fire år.

Skipsreiaren[endre | endre wikiteksten]

Mørland starta først opp med reiarlaget «Agdesidens Rederi», etablert 23. september 1916 saman med John Wilson. I 1927 starta han «Mørland Shipping Company», og i 1930 starta han «Mørland Tankrederi». Etterkvart sat han med kontrollen over alle tre selskapa. Mørland hadde store tap under andre verdskrig, berre eitt skip var att då krigen var over. Han vart arrestert av tyskarane 24. februar 1944 og ført til Arkivet i Kristiansand for avhør og deretter overført til Grini fangeleir. Han ble lauslaten 8. mai 1945. Selskapet «Arnt J. Mørland» har i dag (2013) kontor på Langbryggen i Arendal.

Samfunnsstøtta[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til å vere skipsreiar var Mørland aktiv i det lokale samfunnslivet i Arendal. Han donerte mellom anna pengar til ombygging av kyrkjeorgelet i Treeiningskyrkja i Arendal, som stod ferdig i 1957, og stod bak etableringa av Arendal Sjømannsskole (i dag Strømsbu videregående skole) som stod ferdig i 1954. Han var òg med på å donere pengar til tre glasmåleri i sjømannskirka i Rotterdam.

Han var aktivt med i Oxfordrørsla.

Politikaren[endre | endre wikiteksten]

Mørland sat som stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti i Aust-Agder frå 1953 til han døydde i 1957.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Arnt J. Mørland blei utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og var riddar av 1. klasse av den svenske Vasaordenen.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!