Arnt Møglestue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnt Møglestue
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. august 1770
Valle kommune
Død

24. februar 1823 (52 år)
Stavanger kommune

Yrke politikar, embetsmann
Språk norsk

Arnt Møglestue (19. august 177024. februar 1823) var ein norsk tollar og stortingsmann frå Valle i Vest-Agder.

Møglestue vart fødd i Valle, der far hans var sokneprest. Sjølv reiste han til København og vart student i 1787. Sidan arbeidde han som undertollbetjent i Odense og deretter var han toll- og kryssbetjent på Merdøya ved innseglinga til Arendal. I 1801 fekk han stilling som toll- og «konsumtioninspektør» i Stavanger, ein posisjon han hadde til han døydde der vinteren 1823.

Møglestue vart sommaren 1814 vald til å vere byen Stavanger sin representant på det fyrste ordentlege Storting.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]