Arnulf Schøyen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnulf Schøyen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. oktober 1837
Vinger
Død

1. april 1902 (64 år)
Vinger

Yrke politikar, farmasøyt
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Arnulf Bernhard Schøyen (5. oktober 18371. april 1902) var ein norsk kjemikar, apotekar, skulemann og stortingsmann for Høgre, frå Vinger i Hedmark.

Schøyen var son av ein gardbrukar. Frå 1852 gjekk han i lære på Løveapoteket i Christiania og tok medhjelpareksamen i 1855. I 1860 avla han den farmasøytiske eksamen og arbeidde deretter på apotek i hovudstaden og i Drammen til 1861. 1862-64 var han utanlands og studerte kjemi i Heidelberg og Wiesbaden. Dei neste to åra var han tilsett på universitetet i Oslo, på det kjemiske laboratoriet og var elles manuduktør i kjemi og farmakognosi. 1866-70 var han styrar ved ein fabrikk i Elverum som dreiv med tørrdestillasjon av tremasse.

Schøyen flytta i 1870 til lærarstilling ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt, rektor på skulen frå 1871 til -86. I tida 1878-80 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om ordninga av den tekniske undervisninga, tala der for etableringa av det som skulle bli NTH. Han var også med i departementskomitear som handsama undervisninga i farmasi og av apoteklova. 1895 var han medlem av mellomrikslovkommisjonen.

Schøyen var stortingsrepresentant i periodane 1883-1888 og 1892-94. Frå 1883 til –88 var han vald for Trondheim og Levanger, han var då medlem av budsjettkomiteen. 1892-94 representerte ha Christiania, Hønefoss og Kongsvinger; medlem av Lagtinget, valkomiteen og tollkomiteen.

Frå 1887 var Schøyen apotekar i Christiania. Han døydde i Vinger i 1902.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Schøyen var riddar av St. Olavs Orden og Nordstjerneordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]