Arquebus krigshistorisk museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arquebus krigshistorisk museum

StadTysvær kommune
Kart
Arquebus krigshistorisk museum
59°25′24″N 5°23′01″E / 59.423277547222°N 5.3834779444444°E / 59.423277547222; 5.3834779444444

Arquebus krigshistorisk museum er ei museumssamling i Førresfjorden i Tysvær kommune med gjenstandar frå okkupasjonen av Noreg under andre verdskrigen frå 1940 til 1945. Museet er kalla opp etter kodenamnet Arquebus som motstandsmannen Sverre K. Andersen nytta medan han dreiv ein illegal radiosendar på Bjoa i Ølen kommune.

Arquebus krigshistorisk museum på Haugalandet syner våpen, køyretøy, uniformer og anna frå andre verdskrigen. Ved inngangen står ein tysk haubits av typen 10.5 cm leFH 18/40.
Foto: 2020

Utstillinga legg vekt på rolla til handelsflåten under krigen, dei maritime krigshandlingane og dagleglivet i krigsårene, særleg i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Museet er ein del av Haugalandmuseet, eit regionmuseum for kunst- og kulturhistoriske samlingar i Nord-Rogaland. Museet vart stifta i 1980 medan utstilling i eigne lokale først vart opna i 1995.

I 1992 vart muséet tildelt Fritt Ords honnør for iherdig, friviljug innsats for å bevara verdifullt materiale om Noreg under okkupasjonen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]