Arrábida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arrábida naturpark ligg på nordsida av estuaret til Sado i Portugal. Parken vart grunnlagd i 1976 og dekkjer 108 km². Det høgaste punktet i parken er Serra da Arrábida på 499 meter over havet. Parken dekkjer Arrábidaåsane med middelhavsvegetasjon og mikroklima som liknar stader som Dalmatia ved Adriahavet. To av strendene i parkane er populære utfartsstader for innbyggjarar i Lisboa og Setúbal. Strende heiter Portinho da Arrábida og Figueirinha. Først nemnde ligg ved ei lita bukt og har ei lita øy like utanfor. Denne staden er særleg kjend og vert ofte nytta i portugisiske fjernsynsreklamar. I 2004 vart ein stor del av parken råka av brann.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]