Arranmore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arranmore
Lokalt namn: Árainn Mhór
Fastlandet i Donegal sett frå Arranmore
Fastlandet i Donegal sett frå Arranmore
Geografi
Arranmore is located in
Stad Atlanterhavet, vest for Irland
Koordinatar 54°59′N 08°32′WKoordinatar: 54°59′N 08°32′W
Administrasjon
Land Irland
Grevskap County Donegal
Demografi
Folketal 528 (2006)

Arranmore (Árainn Mhórirsk) er den største busetta øya i County Donegal, og den nest største i heile Irland. I 2006 hadde øya 528 innbyggjarar. Øya er ein del av Gaeltacht, området på Irland der ein framleis snakkar irsk. På engelsk vert øya óg kalla Aran Island. På irsk vert øya vanlegvis kalla Árainn, og adjektivet mór (stor) vart lagt til ganske nyleg. Ho vert óg stundom kalla Árainn Uí Dhomhnaill på irsk, som tyder «O'Donnells si Aran».

Øya ligg 5,5 km utanfor Burtonport og to ferjer går regelmessig frå fastlandet til øya. Turen tar om lag 25-30 minutt, men i 2007 vart ei ny ferje sett i drift, som gjer unna turen på berre 5 minutt. Turen ut til øya går forbi mange småøyar og kryssa eit stykke med ope hav i Atlanterhavet.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste innbyggjarane bur sør og aust på øya. Ho har vore busett sidan førkeltisk tid og ei av dei få restane etter den tidlege busetnaden er ei festning på eit av nesa (så kalla promontory fort) og møddingar på strendene. Sidan øya ligg nær skipsrutene i Atlanteren vart det bygd ein kystvaktstasjon og eit fyr heilt nordvest på øya. Under den andre verdskrigen vart det sett opp ein stasjon får å halde utkikk etter u-båtar.

Mange husa på øya er sommarhus og om sommaren stig derfor folketalet ofte til godt over 1000 menneske.

Infrastruktur og økonomi[endre | endre wikiteksten]

Øya vart den første øya i Republikken Irland som fekk elektrisitet, i 1957, men var av dei siste stadane i landet som fekk påliteleg innlagd vatn (i 1980-åra).

Hovudnæringa på øya er hovudsakleg turisme. Fiske var opp til 1980-åra den viktigaste næringa, men er ikkje i dag ein særleg stor industri.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]