Ars nova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ars nova (Latin 'Den nye kunsta') er nemninga på ein musikalsk stilretning som rådde i Europa det meste av 1300-talet. Stilen oppstod i Frankrike. Stilen vert rekna som einerådande frå om lag 1310 til 1377, då Guillaume de Machaut døydde.

Ars nova har vanlegvis to tydingar. Den snevrare tydinga er knytt til Ars nova-manifestet som vart skrive i 1322, truleg av Philippe de Vitry. Dette vart skrive som ein reaksjon på den rådande Notre Dame-stilen, kalla Ars Antiqua. Stilretninga utvikla seg vidare til ars subtilior seint på 1300-talet, før han vart avløyst av nye straumdrag frå den flamske skolen.

Stilen vart nytta første gongen i tilknyting til verket Roman de Fauvel, eit satirisk skrift retta mot kyrkja. Philippe de Vitry sette musikk til diktverket, og soleis er ars nova knytt direkte til eit gryande oppgjer med paveveldet, særskild pavane i Avignon.

I meir utvida språkbruk, oftast nytta av dei fleste musikkhistorikarar, tyder ars nova-musikken på 1300-talet i det heile, ikkje berre i Frankrike. Ein snakkar difor óg om italiensk ars nova, mest knytt til komponisten Francesco Landini.

Attåt Vitry, er den mest sentrale komponisten innanfor retninga Guillaume de Machaut. Retninga såg utviklinga av verdsleg fleirstemd song, i ei rekkje former, Rondeau, Virelai, og andre. Den Isorytmiske motetten vart og utvikla på denne tida. Isorytmikken vart til som eit motstykke til dei rytmiske strukturane som hadde rådd i musikken hundreåret før. Ars nova gjorde det mogleg for komponistane å eksperimentere på nye vis, og finne nye og djervare harmoniske verkemedel. Karakteristisk for stilen er kadensen, ein paralell kvint frå sjuande trinnet til grunntrinnet.

Ei anna nyskaping på 1300-talet kom innanfor notasjonen. Philippe de Vitry bygde ut dei gamle notesystema, slik at dei kunne skipast til nye og meir utfordrande rytmar.

Kjelder til Ars Nova[endre | endre wikiteksten]

Kjelde: Gads Musikhistorie, København