Art Blakey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Art Blakey
Foto: Roland Godefroy

Arthur (Art) Blakey (11. oktober 191916. oktober 1990) var ein amerikansk jazztrommeslagar og bandleiar. Han var ein av pionerane innan bebop-stilen, og han fekk stor påverknad på utviklinga av jazzen.

Blakey vart fødd i Pittsburgh, der han byrja musikkarrieren som pianist og storbandleiar i sekstenårsalderen. Han skifta etterkvart til trommer, og fekk i 1942 jobb i bandet til Mary Lou Williams. Året etterpå reiste han på turne med Fletcher Henderson sitt storband, før han i 1944 vart med i ei bebop-gruppe som Billy Eckstein sette saman. Etter bandet til Eckstein vart oppløyst, spelte Blakey med mellom andre Miles Davis, Bud Powell og Thelonious Monk, i tillegg til å leie eigne band. I denne tida skal han også ha reist til Vest-Afrika, der han konverterte til Islam.

I 1954 starta han «The Jazz Messengers», som han leia saman med pianisten Horace Silver. Dette bandet skulle bli eit av dei mest populære jazzbanda dei neste tretti åra. Dei spela ein meir blues-inspirert versjon av bebop, som etterkvart fekk namnet hard bop. I den første besetninga var Kenny Dorham, Hank Mobley og Doug Watkins. Silver og Dorham slutta snart i bandet og Blakey sat då att som leiar.

Bandet heldt fram under namnet «Art Blakey & The Jazz Messengers» til Blakey døydde i 1990. Ei heil rekkje musikarar som seinare utmerka seg fekk ein start hjå Blakey. Dette omfattar mellom andre Donnald Byrd, Lee Morgan, Freddie Hubbard, Wynton og Branford Marsalis, Mulgrew Miller og Terrence Blanchard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Shadwick, Keith (1998): Jazz: legends of style. London: The Apple Press.
  • en:Art Blakey

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]